Du blir greidd ut for allergisk kontakteksem dersom sjukehistoria di gir grunn til å mistenkje dette. Dersom du allereie kjenner til at du har allergisk kontakteksem mot enkelte stoff, som til dømes nikkel, må du oppgi det til hudlegen din.
Når du blir testa for kontaktallergi, får du testmateriale lagt direkte mot huda. Vi bruker ofte ryggen til testing. Testområdet må vere utan tatoveringar eller pågåande hudsjukdom. Testane inneheld fargestoff, konserveringsmiddel, metall eller enkelte kosmetikum. Andre spesialiserte midlar kan også brukast dersom det er mistanke om annan type kontaktallergi.
Dersom du reagerer på testen, vil du kjenne kløe eller ubehag på ryggen. Det er viktig at du prøver å unngå å klø på dette. Somme reagerer også på plasteret.
Etter 48 timar fjernar du testmaterialet heime. Vi les av prøva dagen etter. I dette tidspunktet skal du unngå å væte området med til dømes dusj eller sterk sveitting.
Hudlegen vil lese av prøva og informere deg om eventuelle funn. Nokre spesialprøver krev 7 dagars avlesing.
Ikkje alle reagerer på dei seriane som er sette opp. Etter at vi har lese av prøva, får du vite om du kan vaske deg i testområdet.