Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Allogen stamcelletransplantasjon

Allogen stamcelletransplantasjon er ei behandlingsform som blir tilboden pasientar med blodsjukdommar som har ein alvorleg prognose. Med dette siktar ein til sjukdommar der leveutsiktene med anna behandling er svært avgrensa.

Verknad

Allogen stamcelletransplantasjon er ei behandlingsform som først og fremst blir tilbode til pasientar med blodkreft, beinmergskreft, beinmergssvikt eller immunologiske sjukdommar der leveutsiktene med anna behandling er svært avgrensa. Behandlinga er intens og ofte knytt til biverknader som gir store plager. Det ligg ein risiko føre for å døy av komplikasjonar.

Beinmergen er eit svampliknande organ som ligg inne i store flate knoklar (som brystbeinet og bekkenet), lange røyrknoklar (som lårbeinet), hovudskallen og ryggvirvlane. Beinmergen produserer blodceller. Desse blir utvikla frå såkalla stamceller som blir kalla hematopoietiske (bloddannande) stamceller; dei er sjølvfornyande samtidig som dei utviklar seg til funksjonelle blodceller.

Sjukdommen du har fått har medført store forandringar i produksjonen av blodceller. Det blir produsert enten unormale celler og/eller heile produksjonsprosessen sviktar. Behandlinga er gjennom kjemoterapi og eventuell stråleterapi å fjerne den sjuke beinmergen. Ein får deretter tilført nye og friske stamceller som ein intravenøs infusjon. Stamcellene vil finne vegen til beinmergen og gir eit nytt blodsystem og nytt immunforsvar.

Transplantasjon blir definert som overføring av levande vev eller organ innanfor same individ eller frå eitt individ til eit anna. Dersom eit individ får stamceller frå seg sjølv, blir dette kalla autolog stamcelletransplantasjon. Blir stamcellene overført frå eitt individ til eit anna, blir det kalla allogen stamcelletransplantasjon. Det kan da vere stamceller frå ein slektning eller ein givar som ikkje er i slekt.

Før

Før transplantasjonen vil du gå gjennom ei medisinsk utgreiing. Formålet med den medisinske utgreiinga er å avdekke ting vi bør behandle før transplantasjonen, vere best mogleg førebudd på komplikasjonar og estimere risiko. Det er transplantasjonskoordinator som sørger for planlegginga, og det er relevante spesialistar som gjennomfører undersøkingane.

Ein til to veker før behandlinga startar vil du få lagt inn eit sentralt venekateter (SVK) i ei stor åre på halsen/brystet dersom du ikkje har det frå før. Dette kateteret heiter Hickman-kateter.

Forbehandling til stamcelletransplantasjon

Forbehandlinga til allogen stamcelletransplantasjon blir kalla kondisjonering. Behandlinga består av ein kombinasjon av fleire typar kjemoterapi og nokre gonger også heilkroppsbestråling. Formålet med kondisjoneringa er å drepe kreftceller om det er blod-/lymfekreft du blir transplantert for og/eller sette immunapparatet ditt ut av spel så ikkje transplantatet blir forkasta. Vi bruker fleire ulike kondisjoneringsregime med ulik intensitet; frå beinmergsutryddande (myeloablativ) kondisjonering, til mildare ikkje beinmergsutryddande behandlinga (doseredusert) kondisjonering.

Kva type forbehandling du får, avheng av ulike faktorar som kor aggressiv sjukdommen er og kva du som pasient er venta å kunne tole. Vi prøver å «skreddarsy» intensiteten på kondisjoneringa basert på grunnsjukdommen din og den generelle helsetilstanden din. Forbehandlinga startar cirka 7 dagar før transplantasjonsdagen og du vil ligge inne på sjukehuset i denne perioden.

Under

Den første tida på sengeposten etter transplantasjonen

Isolat

Nokon vil få ei forbehandling som krev isolering på såkalla vernande isolat. Isoleringsperioden startar vanlegvis fem dagar etter transplantasjonsdagen og vil vare i to til fire veker. Du vil få informasjon ved utgreiingssamtalen om dette gjeld deg.

Hovudformålet med perioden i vernande isolat er å hindre at du blir smitta av virus og bakteriar frå andre personar og frå omgivnadene. Du kan ha besøk av dei som står deg nærast, men helst ikkje meir enn to personar av gongen og dei må ikkje ha infeksjonar, som for eksempel forkjøling. Alle som skal inn til deg får opplæring i forholdsreglar før dei skal besøke deg.

Vanleg sengerom

Om du har gått gjennom transplantasjon med doseredusert forbehandling kan sjukehusopphaldet bli noko kortare enn ved beinmergsutryddande forbehandling, og det er ikkje behov for å flytte til eit isolat.

Avansert heimesjukehus

Ved Oslo universitetssykehus vil 30–40 prosent av pasientane bli følgt opp enten i eigen heim eller i eigna låneleilegheit.

Daglege rutinar

Somme rutinar må følgast dagleg mens vi ventar på at den nye beinmergen skal begynne å fungere. Dette gjeld for begge forbehandlingsmetodane. Desse tiltaka inneber blant anna blodprøver, stell av det sentrale venekateteret, kontroll av blodtrykk, puls, vekt og temperatur og vidareføring av personleg hygiene.

Formålet med retningslinjene er å førebygge komplikasjonar og sikre at eventuelle komplikasjonar blir tidleg oppdaga. For at vi skal kunne oppdage endringar og komplikasjonar tidleg er det viktig at du og behandlarane dine (pleiarar og legar) har ein god dialog og at du informerer oss når du merkar nokre endringar hos deg. Ved komplikasjonar er det viktig at behandlinga blir sett i gang raskt.  

Etter

Beinmergsfunksjon og immunsystemet dei første 3 månadene

Forsvarssystemet (immunsystemet) til ein transplantert pasient treng minst 12 månader før det fungerer normalt, føresett at pasienten ikkje har kronisk transplantat‐mot‐vert‐sjukdom (GVHD). Pasienten vil derfor vere meir utsett for infeksjonar enn normalt, og risikerer ein liten risiko for blødingar dersom blodplatetalet er mykje nedsett. Problema minkar gradvis, men det er viktig at teikn på infeksjon eller bløding blir tatt på alvor .

Dei første 3 månadene skal pasienten:

  • unngå kontakt med personar som er openbert forkjølte eller har ein kjent smittsam sjukdom
  • unngå kontakt med barn med barnesjukdommar eller personar som vore i kontakt med barn med barnesjukdommar
  • informere besøkande om at dei må vaske hendene
  • unngå kontakt med husdyr
  • følge restriksjonar knytte til oppvekst av mikroorganismar i mat
  • halde huset normalt reint

Det blir anbefalt at pasienten bruker munnbind dei 3 første månadene etter transplantasjon ved opphald på sjukehus eller i nærleiken av mange menneske. Ute i frisk luft er det ikkje nødvendig med munnbind. Pasienten bør unngå offentleg kommunikasjon, kino, teater og stader med store folkemengder i dei tre første månadene etter transplantasjonen.

Medisinar, temperatur og vekt

Du må ta medisinane i den dosen og til det tidspunktet du har fått beskjed om. Om du har gløymt å ta medisinar eller har kasta opp rett etter inntak av medisinar, kontakt lokalsjukehuset eller sjukehuset der stamcelletransplantasjonen blei gjennomført. Dei dagane du skal på kontroll og ta blodprøver, skal du ikkje ta Sandimmunkapsler på morgonen. Ta da med tablettane til sjukehuset og du kan ta desse etter at blodprøvetakinga er utført.

Du må følge med på temperaturen, og det kan vere lurt å notere denne. Om du trur du har feber, så mål temperaturen i endetarmen, og kontakt lege dersom du har feber. Kontroller vekta to gonger i veka på same vekt og på omtrent same tidspunkt. Lag gjerne dine eigne notat som du kan ta med til kontrollane hos lege og sjukepleiar.

Vi anbefaler at du tar kontakt med lokalsjukehuset eller avdeling for blodsjukdommar dersom du skulle få:

  • utslett
  • feber
  • nyoppstått vedvarande hoste
  • kortpustaheit
  • uventa bløding
  • nyoppstått diaré, påfallande treg mage, magesmerter, kvalme
  • sår i munnen, påfallande sår hals eller problem med å svelge
  • smerter i samband med vasslating eller avføring
  • alle problem eller spørsmål du måtte ha knytt til det sentrale venekateteret
  • kontakt med ein person som kan ha ein smittsam sjukdom
  • smerter i eit avgrensa område i ansiktet/kroppen
  • plutseleg hovudverk

Kontroll – oppfølging

Den første månaden etter utskriving må du komme ofte til kontroll ved poliklinikken på sjukehuset der du fekk stamcelletransplantasjon. Det blir tatt blodprøver, og allmenntilstanden din blir vurdert ved kvar kontroll. Når du ikkje treng så tett oppfølging lenger, blir kontrollane delte mellom lokalsjukehuset ditt og sjukehuset der stamcelletransplantasjonen blei utført. Sjukehuset som utførte transplantasjonen vil alltid informere lokalsjukehuset ditt om din situasjon, og lege og sjukepleiar der blir oppfordra til å kontakte behandlande sjukehus ved uklarleikar eller problem.

Du vil bli innkalla til rutinekontroll av blod‐ og kroppsfunksjonar etter 3, 6, 9 og 12 månader og deretter årleg i minst 5 år. Desse kontrollane blir vanlegvis gjennomførte i løpet av  ein dag, slik at du kan rekne med å reise heim om ettermiddagen. Ein viktig del av kontrollane dei første 6–12 månadene er å måle nivået av Sandimmun i blodet for å dosere rett. Dei fleste kan slutte med Sandimmun innan eitt år etter transplantasjonen. Om du får GVHD‐reaksjon, kan det bli nødvendig å halde fram med Sandimmun utover dette, eventuelt i kombinasjon med annan medisin som prednisolon.

For kvinner blir det avtalt regelmessig oppfølging hos gynekolog for å vurdere behov for hormonbehandling. Auge‐ og lungeundersøkingar blir også gjennomførte  ved rutinekontrollane, eventuelt oftare ved teikn til GVHD. I tillegg til dette anbefaler vi sterkt at du følger opp  tannlegetimar, offentleg kreftscreening, vaksinasjon og liknande.

Ver merksam

Moglege biverknader og komplikasjonar

Det er ulike biverknader av behandling med kjemoterapi som blir omtalt nedanfor. Oversikta er  ikkje utfyllande, og du vil få meir informasjon om dette på sjukehuset.

Kvalme og oppkast

Kvalme er ein vanleg biverknad knytt til kjemoterapi og strålebehandling. Plagene kan lindrast ved hjelp av ulike kvalmestillande medikament. Plagene med kvalme og oppkast er ofte minkande ei stund etter at kjemoterapibehandlinga er avslutta.

Svimmelheit

Under forbehandlinga får mange pasientar ein type cellegift (busulfan) som kan gi kramper. For å førebygge kramper gir vi eit anna medikament (fenytoin) som kan gjere pasienten svimmel og litt døsig.

Beinmergsfunksjonen

Behandlinga med kjemoterapi hemmar beinmergen stort. Derfor vil du dei første to vekene etter forbehandlinga få eit kraftig fall i talet på raude og kvite blodceller og blodplater. Dette kallar vi aplasiperiode. Når dei nøytrofile granulocyttene (nokre av dei kvite blodcellene) er låge, blir dette kalla eller nøytropeni. 2–4 veker etter transplantasjonen ser vi vanlegvis dei første teikna til at den nye beinmergen er begynt å fungere. Nøytrofile granulocytter og blodplater frå den nye beinmergen har da strøymd ut i blodet og kan målast.

Slimhinneskadar (munnsår og diaré)

Forbigåande skade av slimhinnene i munn, svelg, matrøyr og/eller tarm er vanleg. Dette kan føre til sårheitskjensler og smerter i munn, svelg og matrøyret, og diaré. Dette kan vere plagsamt og smertefullt. Vi gir medikament for å lindre desse plagene og anbefaler at du et som normalt så lenge du klarer det. Ved nedsett matinntak vil du få intravenøs- eller sondeernæring.

Hårtap

Behandlinga med store dosar kjemoterapi og/eller heilkroppsbestråling fører til at du mistar håret på kroppen; vanlegvis hovudhåret først, men etter kvart også augebryn, augevipper og behåringen under armar, på beina og i kjønnsregionen. Hårtapet startar først etter at du er transplantert, og er som regel forbigåande.

Redusert fruktbarheit

Høge dosar kjemoterapi og eventuelt strålebehandling mot heile kroppen reduserer fruktbarheita di etter transplantasjonen. Mange har også blitt behandla med kjemoterapi allereie før dei kjem til stamcelletransplantasjon. Dette gjer at vi informerer alle om at dei må vere førebudde på å bli sterile etter transplantasjonen.

Infeksjon

Du er spesielt utsett for infeksjonar mens du har nedsett immunforsvar. Årsakene til infeksjon er fleire, men dei viktigaste er at talet på kvite og nøytrofile blodceller er tilnærma null og at hud og slimhinner er skadd som ei følge av kjemoterapi. Førebygging av infeksjonar er viktig. Når du har nedsett immunforsvar, vil vanlege infeksjonsteikn som puss og sekret mangle. Einaste infeksjonsteikn er ofte feber, og dei aller fleste pasientane får feber. Det er viktig å starte raskt med antibiotikabehandling ved feber fordi kroppen sitt eige immunforsvar vil vere sett ned, og du er meir utsett for blodforgifting (også kalla sepsis).

Transplantat-mot-vert-sjukdom (Graft-versus-host-disease (GVHD)

GVHD er ein reaksjon mellom friske kvite blodceller (lymfocyttar) frå givaren og kroppen din. GVHD kjem av at kvite blodceller (T-lymfocyttar) i den nye beinmergen, det vil seie det nye immunsystemet ditt, går til angrep på celler i kroppen din. Om du får ein reaksjon, så kjem denne først når det nye immunsystemet har begynt å lage nye celler. Symptom og tiltak for dette vil du få meir informasjon om på sjukehuset.  

Sist faglig oppdatert 03.07.2025

Kontakt

Førde sentralsjukehus Medisinsk avdeling

Kontakt Medisinsk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.