Salve ved forstopping
Salver med glyseroltrinitrat (Rectogesic) hjelper mange. Salven smørast på i opninga av analkanalen. Verkestoffet utvidar blodårane slik at blodtilførselen til anus blir betra og såret gror.
Slike salver får du berre med resept. Hovudverk er ein svært vanleg biverknad, men han går som regel over etter eit par vekers behandling. Det finst også andre salvar som ikkje gir hovudverk (Nifedipin). Denne er i skrivande stund ikkje tilgjengeleg ved alle apotek i Noreg, men kan etterbestillast.
Injeksjon
Botulinumtoksin A (Botox) kan givast som injeksjonar i lukkemuskelen til endetarmen. Dette vil føre til at lukkemuskelen blir relaksert (avspent). Når muskelspenninga og krampene i muskelen minkar, vil blodforsyninga auke og såret får betre føresetnader til å gro. Verknaden kjem etter 3–6 dagar, og varer ofte i opptil 3 månader. Ved tilbakefall av smerter kan behandlinga gjentakast.
Det er risiko for å få tilbake analfissuren etter behandling med salve eller injeksjon. Behandlinga kan også gi forbigåande lekkasje av luft og i sjeldne tilfelle mindre uhell av avføring (spor i undertøy).
Kirurgisk behandling
Ved den vanlegaste typen operasjon lagar ein eit lite snitt i lukkemuskelen slik at han ikkje strammar seg så mykje. Dette kallast lateral intern sfinkterotomi og er ein veldig effektiv behandling. Denne operasjonen blir berre gjord i sjeldne tilfelle der ein ikkje kjem til mål med anna behandling. Dette fordi det er risiko for at ein blir inkontinent for avføring med lekkasje av enten fast eller flytande avføring i undertøy. Dei aller fleste blir betre etter kvart, men ikkje alle. Nokre får også problem med å halde på luft.
Ei anna operasjonsform er å sy frisk hud over fissuren. Dette blir sjeldnare gjort og ikkje ved alle sjukehus.