Diagnosen blir stilt gjennom ein kombinasjon av sjukehistorie, legeundersøking og andre prøver.
Blodprøver
- Høge betennelsesprøver (CRP og senking) er vanleg når sjukdommen er aktiv
- Du kan ha høge nyreprøver viss nyrene er ramma
- Mange får påvist at dei har Anca-antistoff, enten MPO eller PR3.
Urinprøve
- Du kan ha blod og protein i urinen viss nyrene er ramma
Pusteprøver
- Det er vanleg å undersøke lungefunksjon med pusteprøver
Bildeundersøkingar
- Det er vanleg å undersøke lungene med CT, og biholene dersom du har biholeplager
Vevsprøve
- Vevsprøver frå hud, nyrer eller andre påverka organ kan vere nødvendig for å bekrefte diagnosen.
Andre undersøkingar
- Av og til er det nødvendig med fleire undersøkingar, eksempel kan vere bronkoskopi, ultralyd av hjarte
