Dersom du har symptom på angina pectoris blir du greidd ut på sjukehuset, anten poliklinisk og/eller ved innlegging. Utgreiinga for angina pectoris består mellom anna av arbeids-EKG og/eller CT av hjartet. Det kan også vere behov for ei ultralydundersøking av hjartet. I tillegg til medikamentell behandling (medisinar) kan det vere aktuelt å greie ut sjukdommen vidare med koronar angiografi.
Angina pectoris (hjartekrampe)
Angina pectoris kjem av at éin eller fleire av kransårane i hjartet er tronge. Kransårane er dei blodårane som forsyner hjartemuskelen med oksygenrikt blod. Når kransårane blir tronge, får hjartemuskelen tilført for lite oksygenrikt blod, og det oppstår smerter i brystet. Dette kallar vi angina pectoris.
Symptom
Hjartet er ein muskel som sørgjer for at alle organa til kroppen får oksygenrikt blod. Hjartet sjølv treng også oksygen for å fungere, og får dette gjennom kransårane (blodårane rundt hjartet). Angina pectoris oppstår på grunn av feittavleiringar i kransårane til hjartet. Prosessen kallar vi aterosklerose eller åreforkalking. Dei fleste får slike feittavleiringar i større eller mindre grad med aukande alder, men somme er meir utsette enn andre.
Faktorar som kan framskunde åreforkalkingsprosessen, er:
- røyking
- høgt blodtrykk
- høgt kolesterol
- fysisk inaktivitet
- dårleg kosthald
- diabetes
I tillegg kjem faktorar som ikkje kan påverkast, som arv, kjønn og alder.
Klemmande smerter midt i brystet er typiske symptom på angina pectoris. Smertene kan stråle ut i venstre arm eller begge armar, mellom skulderblada, opp mot nakke/hals/kjeve og mot øvste del av mage. Andre symptom kan vere tung pust og/eller trøyttleik.
Anginasymptom oppstår ofte når ein fysisk anstrengjer seg, av psykiske påkjenningar og stress. Forsnevringar på kransårane reduserer blodtilførselen til hjartet. Det oppstår då oksygenmangel i hjartemuskelen, og dette utløyser brystsmerter (angina pectoris). Symptoma går tilbake når du roar ned eller kviler. Eventuelt kan nitroglyserinspray eller smeltetablett under tunga hjelpe omgåande på anginasmerter. Nitroglyserin verkar ved at blodårane i kroppen utvidar seg, som igjen lettar arbeidet til hjartet.
Utgreiing
Behandling
Oppfølging
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde