Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Åreknuter

Åreknutar forsvinn vanlegvis ikkje av seg sjølv. Dei vanlegaste metodane for å fjerne dei er kirurgisk eller med laseroperasjon.

Åreknuter er utvidete vener/blodårer like under hudoverflaten og opptrer oftest på leggene. Åreknuter går vanligvis ikke over av seg selv, men det finnes behandlinger som kan hjelpe.

Les meir på helsenorge.no

Utredning

Alle pasientar blir undersøkt grundig, både klinisk og med ultralyd. Resultatet av undersøkinga avgjer om åreknutane skal fjernast, og kva metode som skal brukast.

Behandling

Oppfølging

Dersom åreknutane blir fjerna ved stripping må du rekne med å vere sjukmeld nokre dagar. Stinga skal fjernast hos din fastlege etter cirka ti dagar.

Sist faglig oppdatert 04.05.2021

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.