Du blir på overvakingsavdelinga så lenge det er behov for det. Deretter vil du få tilbod om mat og drikke, og informasjon frå sjukepleiar og kirurg før heimreise.
Dersom det er aktuelt, vil du få med deg sjukmelding, e-resept og/eller smertestillande medisinar. Operasjonsbeskrivinga finn du på helsenorge.no
Når du har komme heim
Smerter
Etter operasjonen er det normalt å ha smerter. Dei første dagane etter operasjonen skal du derfor ta smertestillande jamleg og til faste tider. Det kan vere behov for å kombinere ulike smertestillande preparat. Etter kvart som smertene minkar, kan du trappe ned. Sørg for å ha paracetamol heime etter operasjonen.
Aktivitet
Sitt eller ligg for det meste med beinet høgt (i hjartehøgde) dei første dagane. Dette hindrar hevelse, bløding og lindrar smerte.
Vi anbefaler at du bevegar ankel, kne og hofte.
Auk aktiviteten gradvis. Etter artrodese skal du bruke krykker i 6 veker, men hælen kan belastast.
Hald foten høgt når du er i kvile og bygg opp med puter under beinet om natta.
Sting
Du kan få stinga fjerna hos fastlegen eller på poliklinikken ved sjukehuset. Avtal dette før heimreise. Dersom du har tråd som blir løyst opp av seg sjølv, vil du få beskjed om dette.
Dusj
Du kan dusje etter operasjonen, men må dekke til den opererte foten slik at gipsen/bandasjen ikkje blir våt. Du kan eventuelt bruke gips-/dusjpose som kan kjøpast på apoteket.
Gips/bandasje
Dersom du har gips og den blir gjennomtrukken med blod, må du ta kontakt med sjukehuset.
Dersom du har bandasje og denne er tørr, kan han sitte på til stinga blir fjerna, etter 2 veker. Blir bandasjen gjennomtrukken med blod eller losnar, må du skifte den heime.
Skifte bandasje
-
Vask hendene grundig.
-
Fjern den gamle bandasjen ved å ta tak i hjørnet og dra den forsiktig av.
-
Du skal ikkje ta på såret, reinse det eller prøve å fjerne gamle blodrestar.
-
Legg omgåande på ny bandasje utan å berøre den delen av bandasjen som skal i kontakt med såret.
Dei første dagane etter operasjonen kan det opererte beinet hovne opp og føre til at gipsen/bandasjen blir for stram.
Observasjonar ved fotoperasjon
Du må sjekke at tærne er godt sirkulerte, det vil seie at dei ikkje blir misfarga (blå eller grå), nomne, kalde eller bleike.
Tiltak
Dersom det ikkje hjelper å halde det opererte området høgt, ta kontakt med sjukehuset.
Bilkøyring
Når du kan begynne å køyre bil er avhengig av smerte og funksjon. Ofte tar det fleire veker før du kan køyre igjen. Du kan heller ikkje køyre bil når du er påverka av medisinar og har redusert reaksjonsevne. Trafikksikkerheita er ditt ansvar.
Sjukmelding
Sjukmeldingsperioden vil variere ut frå arbeidssituasjon og din individuelle situasjon. Eventuell forlenging av sjukmelding blir gjord hos fastlege.
Oppfølging
Etter artrodese i stortåa blir kontroll avtalt hos ortoped etter 6 eller 8 veker. Det blir tatt røntgenbilde og gipsen blir fjerna. Dato og tid for kontrolltime blir utlevert før heimreise eller blir ettersend.
Feber
Dei første dagane etter operasjonen kan du få ei lett temperaturstigning. Dette er normalt, men ta kontakt med sjukehuset dersom du har vedvarande feber over 38–38,5 grader etter operasjonen.