Astma

Astma er ein kronisk sjukdom med betente og overømfintlege luftvegar som kan førekomme hos både barn og vaksne. Tilstanden blir oftast behandla med ulike typar inhalasjonsmedisinar. Med rett behandling, trening og førebygging, kan dei fleste med astma leve eit heilt normalt liv med lite plager.

Kva skjer i kroppen?

Luftvegane er dekte av ei slimhinne med eitt lag av muskulatur under. Når slimhinna blir betent, hovnar den opp og det blir danna meir slim enn normalt. Hevelsen og slimet tar opp plass i luftvegane og musklane trekker seg saman. Dette føret til at luftvegane blir forsnevra og det blir tyngre å puste.

Symptom

Karakteristiske symptom er tung pust, hoste, tettleik og pipelydar i brystet, og slim som ofte er blankt. Symptoma vil oftast variere, frå anfall med svært tronge luftvegar til heilt normal pust.

Akutt astmaanfall: Fleire kan oppleve periodar med tyngre pust, for eksempel i samband med luftvegsinfeksjonar, i kald luft eller ved kontakt med stoff som ein er allergisk mot (allergen).

Årsak

Som oftast veit vi ikkje kvifor ein person får astma, men forsking tyder på at både arv og miljø speler ei rolle. Faktorar som kan bidra til at ein utviklar astma er mellom anna:

  • yrkesbelasting av luftvegane (metallarbeidarar, sveiserar, bønder, bakarar og målarar er særleg utsette)
  • røyking av tobakk (også passiv røyking)
  • luftforureining
  • virusinfeksjonar
  • utgreiing

Utgreiing

Diagnosen blir basert på typiske symptom og resultat av pusteprøver. Ved normal pusteprøve kan det gjerast provokasjonstestar, der vi prøver å få fram symptom på astma.

Lungefunksjonsmåling

Måling av lungefunksjon er ein viktig del av den lungemedisinske vurderinga og blir brukt i utgreiing og kontroll av dei fleste lungesjukdommar.

EIB-test

EIB er ein test som viser om du har astma som blir utløyst av fysisk aktivitet.

PEF-måling

PEF-måling er ei pusteprøve der du sjølv registrerer pusten over nokre dagar ved hjelp av eit enkelt lite pusteapparat. Målet er å få eit inntrykk av lungefunksjonen din over tid.

Røntgen av lungene

Røntgen av lungene er ikkje nødvendig for å stille diagnosen astma. Det kan takast ved nyoppstått symptom for å utelukke andre sjukdommar.

Behandling

Målet med astmabehandling er

  • minst mogleg symptom
  • minst mogleg svingingar i lungefunksjon
  • ingen eller sjeldne forverringar
  • ingen avgrensingar i dagleg aktivitet
  • minimalt behov for anfallsmedisin (opnarmedisin)

Kortisoninhalator

Kortison er eit betennelsesdempande medikament, og er grunnbehandlinga av astma. Medikamentet blir tatt som inhalasjon og har dermed god lokal effekt i luftvegane med lite biverknader elles i kroppen. 

«Beta2-stimulerande» inhalasjonsmedisin

Såkalla beta2-agonister er medikament som løyser opp kramper i musklane rundt luftvegane. Inhalasjonsmedisinar finst både som førebyggande, som skal takast dagleg, og som anfallsmedisin (opnarmedisin) som blir tatt ved symptomforverring ved astma. Opnarmedisin kan også brukast før anstrengingar.

Inhalasjonskortison og beta2-stimulerande medisin kan givast som kombinasjonspreparat.

Kortison i tablettform

Ved alvorlege astmaforverringar kan det vere aktuelt med kortvarig behandling med kortison i tablettform.

Annan astmabehandling

Montelukast (singulair) er ein tablett som hos enkelte astmapasientar kan gi betring av astmasymptom. Har ein framleis daglege plager trass standard inhalasjonsbehandling, kan det gjerast eit behandlingsforsøk med Montelukast. Ved manglande effekt eller plagsame biverknader blir behandlinga avslutta etter 1–3 månader.

Har du alvorleg astma, det vil seie med hyppige forverringar som ikkje responderer på vanlege inhalasjonsmedisinar bør du visast til ein lungespesialist. Da blir det gjort ei ny heilskapsvurdering av tilstand, miljø og behandling, inkludert vurdering av indikasjon for behandling med biologiske middel.

Oppfølging

Det er viktig at du blir kjent med dine eigne reaksjonar og veit kva som gir deg anfall eller gjer deg kortpusta. I tillegg bør du få tildelt ein individuelt tilpassa eigenmedisineringsplan og lære å justere medisinering ut frå symptom. Lege vurderer individuelt oppfølgingsbehov.

Ver merksam

Ring 113 om du får alvorlege pusteproblem.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Medisinsk avdeling

Kontakt Medisinsk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.