Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Avrusing benzodiazepiner

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved benzodiazepinavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Benzodiazepiner er angstdempande middel og sovemiddel. Desse legemidla er avhengigheitsskapande, og viss dei blir brukt over tid kan det vere vanskeleg å slutte med dei utan hjelp.

Personar som blir innlagt med avhengigheit av benzodiazepiner har ofte samtidig bruk av og avhengigheit til andre rusmiddel. I tillegg viser studiar at ein stor del har samtidig psykisk liding. Innlegging i institusjon, spesielt i startfasen av avrusing frå benzodiazepiner kan bidra til ei grundig kartlegging av omfang av misbruk og vere ein viktig del av ein nedtrappingsplan.


Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling og polikliniske tenester.
 

Kven kan tilvise?

Tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) kan kome frå:  

  • Sosialtenesta/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege/allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å tilvise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at den inneheld mest mogleg komplett informasjon om pasienten og forholda rundt pasienten. 

Tilvisinga skal innehalde følgjande informasjon: 

  • Personopplysingar (namn, adresse, fødselsnummer, telefon)
  • Familieforhold/sosial status
  • Sysselsetting/trygdestatus
  • Uteståande dommar/planlagt soning
  • Historikk rusproblematikk, inkludert tidlegare behandling og skildring av dagens situasjon
  • Historikk og vurdering av psykisk- og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for iverksett/planlagt habilitering/rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert skildring av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til Individuell Plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysingar
  • Relevante epikriser
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling

Før

Under

Etter

Kontakt

Psykisk helsevern