Behandling

Avrusing på institusjon

Avrusing på institusjon bør vurderast når eitt eller fleire av følgjande forhold er til stades: Avhengnad av fleire rusmiddel, injeksjonsbruk, omfattande blandingsmisbruk av fleire rusmiddel, tidlegare komplikasjonar ved avrusing og kompliserande tilstandar (som graviditet).

Avrusing på institusjon inneber medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å komme igjennom avrusings- og abstinensfasen ved rusmiddelavhengnad. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Tilvising og vurdering

Tilvisinga bør innehalde ein så grundig som mogleg kartlegging av rusmiddelbruket ditt, slik at du og legen kan vere godt førebudd på forløpet og planleggje behandlinga ut frå den forventa tilstanden din.

Helsedirektoratets retningslinjer for avrusing frå rusmiddel og vanedannande legemiddel

Tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelproblem (TSB) omfattar tilbod om døgnbehandling, dagbehandling og polikliniske tenester.

Kven kan tilvise?

Tilvising til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) kan komme frå:

  • Sosialtenesta/NAV
  • Barneverntenesta
  • Fastlege / allmennpraktiserande lege
  • Privatpraktiserande legespesialist
  • Lege ved andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Lege i fengselshelsetenesta
  • Anna helsepersonell som har rett til å vise til spesialisthelsetenesta

Kva skal tilvisinga innehalde?

Tilvisinga skal danne grunnlaget for vurderingane som skal gjerast. Det er derfor viktig at ho inneheld mest mogleg komplett informasjon om pasienten og forhold rundt denne.   

Tilvisinga skal innehalde følgjande informasjon:

  • Personopplysningar (namn, adresse, fødselsnummer, telefon)
  • Familieforhold / sosial status
  • Sysselsetjing/trygdestatus
  • Uteståande dommar / planlagd soning
  • Historikk rusproblematikk, inkludert tidlegare behandling og beskriving av dagens situasjon
  • Historikk og vurdering av psykisk- og somatisk helse
  • Medisinering
  • Mål for sett i verk / planlagd habilitering / rehabilitering
  • Involverte instansar, inkludert beskriving av samarbeidsrelasjonar
  • Vurdering av rett til Individuell Plan
  • Samtykke til innhenting av relevante opplysningar
  • Relevante epikriser
  • Forslag til type tiltak
  • Vurdering av om det er behov for avrusing for å kunne gjennomføre behandling    

Før

Du bør lage deg ei oversikt over kva rusmiddel du har innteke, og i kva mengder, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Har du tidlegare erfaringar med avrusing, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette.

Institusjonen som skal behandle deg vil ta kontakt med fastlegen din eller den som har tilvist deg, men det er ønskjeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønskjer at vi skal vite om eller prøve å hjelpe deg med.

Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei frå om dette.

Dersom  du lurer på noko, kan du når som helst ta kontakt med oss.

Dersom du treng hjelp til transport til behandlingsstaden, les meir her:

pasientreiser.no

Under

I brevet du fekk frå behandlingsstaden står det stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt, vi kan vareta deg i den forma du er.

Du vil bli undersøkt av lege når du kjem til avdelinga, og den første tida får du høve til å trekkje deg unna dei andre pasientane på eiga eining / eige rom.

Målet vårt er å gjere avrusingsperioden mest mogleg skånsam for deg, med individuell tilrettelegging basert på dei spesifikke behova dine og tilstanden din.

Under denne behandlinga fokuserer vi på å lindre ubehag, abstinenssymptom, angst og smerter, både med medikamentelle og miljøterapeutiske tiltak, og dessutan på å hjelpe deg å behalde motivasjonen til å fullføre behandlinga.

Kor lang tid avrusinga tek, kjem an på kva rusmiddel du har brukt og i kva mengder.

Etter

Eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

Vi kommuniserer med fastlege og eventuelle andre du vil ha bruk for når det gjeld oppfølging etter opphaldet, til dømes kommunal oppfølgingsteneste, LAR, apotek, ruskonsulent, rusteam og liknande. Informasjon som blir vidaresend blir berre gjord med løyve frå deg.

Som ein del av det nasjonale pasienttryggingsprogrammet vil du, dersom det er aktuelt, få informasjon om førebygging av overdosedødsfall, og tilbod om opplæring i kameratredning medan du er hos oss.

Du vil også få med deg ein kriseplan med tiltak du kan setje i verk sjølv ved fare for tilbakefall.

Kontakt

Psykisk helsevern