Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Bacillus Calmette Guerin

BCG-instillasjon i blære

Undersøkingar viser at det er funne kreft i urinblæra di. Du er operert med fjerning av svulsten. For å motverke danning av nye svulstar, gir vi av og til instillasjon med BCG (Bacillus Calmette Guerin) i urinblæra. BCG-preparatet er laga av levande, men svekte BCG-bakteriar. Bakterien som blir brukt er den same som blir brukt ved vaksinasjon mot tuberkulose. Behandlinga blir brukt ved overflatisk veksande kreft med tendens til nye svulstar etter operasjon.

Før

Før instillasjonen kan du ete, men du bør unngå å drikke væske 3–4 timar før behandlinga. Dette for at urinblæra skal vere tom før instillasjonen, slik at ein unngår fortynning av medikamentet.

Ta med urinprøve før kvar behandling.

Under

Slik er behandlinga:

  1. Tøm blæra.
  2. Det blir lagt inn eit tynt kateter gjennom urinrøyret til urinblæra.
  3. BCG-oppløysinga blir sett inn i kateteret, så blir kateteret fjerna.
  4. Ved første gongs instillasjon får du ikkje dra heim før det har gått 20 minutt
  5. Oppløysinga blir halden i blæra i minst 30 minutt, og helst 2 timar, så langt det er mogleg.
  6.  

Etter

Etter instillasjonen er det viktig at du drikk rikeleg med væske i løpet av det første døgnet.

Toalettbesøk

BCG-oppløysinga inneheld bakteriar, derfor er det viktig at du tar spesielle forholdsreglar når urinblæra blir tømt. Desse råda skal følgast kvar gong du lèt vatnet dei første 6 timane etter blæreinstillasjonen.

  • Sitt på toalettringen, også menn! Dette for å unngå søl av urin. Dersom du søler urin, tørk opp med papir, kast papiret i toalettet, vask hendene, ta nytt papir fukta med ublanda klor og vask over, kast papiret og vask hendene igjen.
  • Både menn og kvinner skal tørke seg med papir over urinrøyropninga. Skyll papiret ned i toalettet.
  • Før spyling, hell 2 koppar med klor i toalettskåla, gjerne rundt i skåla først.
  • Lukk lokket og vent 15 minutt før du spyler ned.
  • Vask genitalia og hender med såpe i rennande vatn før du skyl ned.

Ta ekstra omsyn til hygiene ved omgang med personar som har svekt motstandskraft mot infeksjonar. Det kan vere risiko for å infisere partnaren med BCG-bakteriar. Ved samleie skal det derfor nyttast kondom i inntil to veker etter siste behandling. Kvinner i fertil alder må bruke prevensjonsmiddel under heile behandlingstida, for å unngå graviditet.

Ver merksam

Det er vanleg med hyppig vasslating og svie etter instillasjon av BCG, og det kan førekomme lett temperaturstigning med influensaliknande symptom og generelt ubehag. Det same gjeld lett blodtilblanda urin.

Du kan eventuelt ta reseptfrie Paracet mot feber/smerter.

Dersom du får høg temperatur og elles sjukdomskjensle som varer utover 2–3 dagar, ber vi deg ta kontakt med fastlege eller urologisk poliklinikk.

Sist faglig oppdatert 31.10.2024

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.