I mange tilfelle krev cellegiftbehandling førebuing i form av førebyggande kvalmebehandling. Behandlinga gir ofte hårtap, og mange ønsker av den grunn å få tilpassa parykk. I nokre tilfelle er det også nødvendig med annan førebuande behandling (eksempelvis medikamentell behandling eller tannbehandling) for å hindre brysame eller alvorlege biverknader. Slike førebuingar er i nokre tilfelle også nødvendig i forkant av strålebehandlig.
Kreftpasientar som skal starte behandling vil derfor alltid få time hos kreftlege med undersøking og informasjon om effekten og biverknader av behandlinga. Då får du også nøye informasjon om korleis du skal handtere det heime både før, under og etter behandlinga.