Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
- Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.
Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om.
Medisinbruk
Om du bruker viktige medisinar om morgonen, for eksempel hjarte- eller lungemedisin, skal du ta desse saman med vatn, slik du elles pleier å gjere.
Om du har diabetes, skal du ikkje ta morgonmedisin, insulin eller diabetestablettar.
Om blodfortynnande medisinar
Som oftast skal du slutte med desse frå 2–10 dagar før inngrepet. Kor mange dagar, vil avhenge av kva medisinar du bruker. Har du ikkje fått beskjed om dette, må du kontakte sjukehuset i god tid for råd. NB! Om du står på Albyl-E treng du ikkje å slutte med dette før inngrepet.
Hygiene
God hygiene er vesentleg for å unngå infeksjonar. Det er derfor viktig at du møter nydusja operasjonsdagen.
Operasjonsdagen
Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal komme godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsette operasjonen.