Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blæreoperasjon (TURB) – innlegging

Operasjonsmetoden blir gjord hos alle pasientar med påvist eller sterk mistanke om blærekreft. Operasjonen blir utført i spinalbedøving eller narkose.

Før

Førebuande dag

Du må møte på preoperativ poliklinikk før behandlinga. Det vil da bli tatt blodprøver og urinprøve. Røntgenbilde og eventuelle andre nødvendige undersøkingar blir også tatte denne dagen.

Faste

Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikkje kan ete, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal komme godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsette operasjonen.

Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, jus utan fruktkjøtt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagd operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eitt glas vatn (maks 150 ml).

Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.

Medisinbruk

Om du bruker viktige medisinar om morgonen, for eksempel hjarte- eller lungemedisin, skal du ta desse saman med vatn slik du elles bruker å gjere.

Om du har diabetes, skal du ikkje ta morgonmedisin, insulin eller diabetestablettar.

Om blodfortynnande medisinar

Oftast skal ein slutte med desse frå 2–10 dagar før inngrepet. Kor mange dagar vil avhenge av kva medisinar du bruker. Har du ikkje fått beskjed om dette, må du kontakte sjukehuset i god tid for råd. NB! Om du står på Albyl-E treng du ikkje slutte med dette før inngrepet.

Hygiene

God hygiene er vesentleg for å unngå infeksjonar. Det er derfor viktig at du møter nydusja operasjonsdagen.

Operasjonsdagen

Nokre pasientar blir lagde inn dagen før, mens andre kjem fastande same morgon. Sjukepleiar vil informere deg om førebuingar til operasjon.

Det er viktig at du følger instruksjonane om korleis du skal komme godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsette operasjonen.

Operasjonsdagen møter du fastande på sengeposten. Om du blir lagd inn dagen før, får du informasjon om fasterutinar på sengeposten.

Under

Operasjonen blir utført med eit skop gjennom urinrøyret der blæreforandringane blir fjerna og brente bort. Det fjerna vevet blir tatt ut gjennom urinrøyret og blir sendt til undersøking.

Vanlegvis blir spinalbedøving sett («ryggmergsbedøving»), eller du får narkose.

Eventuell tilleggsførebuing og behandling

 

Nokre pasientar får ekstra undersøking før og etter operasjon. Dette blir bestemt av operatør for kvar enkelt pasient. Omtrent éin time før operasjonen blir det sett inn eit stoff i urinblæra gjennom eit kateter (eit tynt, bøyeleg røyr). Dette blir tatt opp av eventuelle polyppar eller forandringar og gjer det lettare for urologen og finne blæreforandringar.

Blandinga er ikkje skadeleg. Dette er eit fluoriserande stoff som blir sett inn for at legane skal oppdage polyppar som er vanskeleg å oppdage elles.

Det er viktig å ha blandinga i blæra i minst ein time, men så lenge du kan.

Det er meldt om lite biverknader, men nokon kan oppleve litt svie eller vasslatingstrong i etterkant.

Dersom urologen finn ein polypp som kan vere kreft, gir vi vanlegvis ein dose med ein type cellegift (Mitomycin) i blæra gjennom kateteret etter operasjonen. Dette er rutinebehandling som mange får etter operasjonen. Det er for å hindre eventuelle kreftceller i å feste seg til blæreslimhinna. Denne behandlinga får du når du har komme tilbake på sengeposten. Preparatet blir liggande i urinblæra og er ikkje skadeleg for resten av kroppen.

  • Det er viktig at du prøver å ha preparatet inne i 1 time.
  • Dersom du får svie eller ubehag må du seie frå så du kan få smertestillande.
  • Du kan oppleve biverknader som svie og hyppig vasslating.

Første døgnet er det viktig at du vaskar deg godt nedantil etter kvar vasslating og trekker ned 2 gonger på toalettet.

 

Etter

Etter operasjonen blir du først observert på oppvakningsavdelinga. Du blir seinare flytta til sengeposten.

Du må ha kateter til urinblæra 1–2 dagar etter operasjonen.

Det er vanleg at trongen til å late vatnet kan komme brått den første tida etter operasjonen, og det kan komme blod i urinen i lengre tid.

Heimreise og vidare oppfølging

Dei fleste pasientar blir skrivne ut 1–2 dagar etter operasjonen.

Du bør unngå tunge løft i 3 veker, fordi det lett kan begynne å blø før vevet er tilhelet. Drikk ca. to liter pr døgn for å skylje gjennom blæra i tida framover.

Som oftast blir det avtalt kontroll etter 2–3 veker på poliklinikk for gjennomgang av vevsprøva.

Sjukmelding blir vurdert ved heimreise og tilpassa arbeidssituasjonen din.

Ver merksam

Den første tida kan det vere noko blod i urinen og litt svie ved vasslatinga. Ved vedvarande svie eller hyppig vasslating bør du få kontrollert urinen hos eigen lege.

Du bør vere varsam med tunge løft dei første vekene, da dette kan medføre bløding.

Sist faglig oppdatert 20.08.2024

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.