Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Blindtarmbetennelse hos barn og unge

Blindtarmen er eit lite vedheng som er festa til den første delen av tjukktarmen. Her kan matrestar eller små forsteina avføringsklumpar sette seg fast, som igjen kan føre til betennelse. Den betente blindtarmen må som regel opererast. Blindtarmbetennelse opptrer oftast hos unge vaksne, men kan finnast i alle aldrar. Blindtarmbetennelse er sjeldan hos spedbarn og små barn. Det er vanskelegare å finne årsaka, derfor sprekk blindtarmen hyppigare hos spedbarn og små barn.

Blindtarmbetennelse (akutt appendisitt) kan gi store smerter og må nesten alltid opereres. De fleste blir helt friske etter behandlingen.

Les meir på helsenorge.no

Kva gjer blindtarmen?

Funksjonen til blindtarmen er omdiskutert. Tidlegare har ein trudd at han var utan funksjon, men nyare forsking viser at han kan bere «vennlege» bakteriar og frigjere desse etter ein gjennomgått episode med diaré og magesjuke. Dette for raskare å gjenopprette ein normal bakteriekultur i tarmen.

Tilvising og vurdering

Dette er ein akutt tilstand, og pasientar kjem til sjukehus via legevakt, eventuelt i ambulanse.

Utgreiing

Under utgreiing av blindtarmsbetennelse må du som hovudregel faste. Når blindtarmen er betent, bør han opererast vekk for å unngå at han sprekk. Ved ein betennelse opplever ein magesmerter, spesielt ved rørsle og hoste. Magesmertene kan starte midt i magen for så å flytte seg til høgre side av magen. Andre symptom kan vere feber, nedsett matlyst, oppkast og blodprøvene som blir tatte, kan vise at kroppen har ein begynnande betennelse.

For å bli sikker på diagnosen, kan det vere nødvendig med ei ultralydundersøking. Ein sjeldan gong vil det bli utført CT-undersøking.

I somme tilfelle har blindtarmen allereie sprokke før ein oppsøker lege eller har komme til operasjon. Blir likevel behandla med operasjon.

Behandling

Kikhòlskirurgi (laparoskopi)

Ved kikhòlskirurgi lagar kirurgen eit lite snitt ved navlen. Snittet er omtrent éin centimeter langt. Kirurgen fører eit laparoskop gjennom opninga. Laparoskop er eit instrument med lys og kamera som gjer det mogleg å sjå inn i bukhòla via ein videoskjerm. Samtidig blir det laget to eller fleire snittar lengre ned på magen for å kunne føre inn operasjonsinstrument. Den betente blindtarmen blir deretter fjerna.

Open kirurgi

Det kan av og til bli nødvendig med open kirurgi, avhengig av alvorsgrada til sjukdommen. Ein sprokken blindtarm aukar risikoen for ein open operasjon. Ved open kirurgi blir det laga eit snitt som går frå navlen og ned til underlivsbeinet.

Begge operasjonane blir gjorde i narkose.

Du vil som regel få reise heim dagen etter operasjonen. Dersom du er operert for ein sprokken blindtarm, kan det bli nødvendig med eit par dagar ekstra på sjukehuset for ytterlegare behandling med antibiotika direkte i blodet (intravenøst).

Før heimreise vil du få informasjon om sårskift, aktivitet og smertelindring. Avhengig av alder blir det i hovudsak brukt paracetamol og eventuelt NSAIDS (ibuprofen eller diklofenak) som smertelindring.

Oppfølging

Det vil bli gitt pleiepengar eller sjukmelding og eventuelt resept. Om nødvendig ordnar sjukehuset med transport heim.

Etter operasjonen skal du unngå å trene magemusklane i 4 veker. Første 2 veker unngå tunge løft, deretter gradvis opptrapping i 2 veker.

Ver merksam

Ta kontakt ved feber, oppkast og/eller aukande smerter.

Sist faglig oppdatert 25.07.2024

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.