Behandling

Blodgiving

Hovudregelen er at alle friske menneske over 18 år kan melde seg som blodgivar. Du kan gi blod inntil fire gongar i året.

Du må rekne med å bruke om lag ein halvtime når du skal gi blod, inkludert førebuing, tapping og kvile.

Du kan når som helst i heile prosessen stille spørsmål dersom du lurer på noko. Personalet har teieplikt.

Blodgiving skal ifølge blodforeskriften vere frivillig og vederlagsfritt.

Tilvising og vurdering

Du treng ikkje tilvising for å gi blod. Du kan melde deg som blodgivar ved alle blodbankar/tappestasjonar i Noreg ved å registrere deg på nettsida GiBlod.no. Du kan også melde deg som blodgivar direkte til din blodbank.
Gå til GiBlod for å melde deg som blodgivar

Før

Blodoverføring må ikkje skade blodgivar eller mottakar. Derfor vurderer blodbanken kvar blodgivar grundig før dei eventuelt kan gi blod. Kvar gong du skal gi blod fyller du ut eit spørjeskjema for blodgivarar. Skjemaet er til hjelp når ein skal velje ut kven som kan gi blod.

Sjå spørjeskjemaet for blodgivarar på Helsedirektoratet sine nettsider

Etter at du har fylt ut skjemaet blir du intervjua av helsepersonell ved blodbanken. Første gong du møter fortel vi deg om kva det vil seie å vere blodgivar. Ved registrering, eller ved første blodgiving, skal du vise legitimasjon. Vi tar også blodprøve og kontrollerer eventuelt blodtrykk og puls.

Ved kvar blodgiving tar vi smittetestar for virus som kan innebere ein risiko for smitteoverføring av langvarige infeksjonar med livstruande komplikasjonar til pasienten.

Du bør ete før du gir blod, i tillegg til å drikke litt meir enn vanleg både før og like etter tappinga.

I nokre tilfelle kan det hende at ein blodgivar må ha lengre eller kortare opphald mellom blodgivingar. Det kan vere lurt å lese gjennom «Når kan eg ikkje gi blod» og «Kven kan ikkje gi blod i Noreg» før du skal gi blod, slik at du ikkje må reise heim utan å få gi blod. Viss du er usikker på om du kan gi blod, kan du kontakte blodbanken.

  • Personar som ikkje er friske.
  • Personar under 18 år.
  • Personar som veg under 50 kg.
  • Personar som bruker medikament fast. Unntaka er p-piller, allergimedisin og middel mot lågt stoffskifte. Utover dette er det behov for individuell vurdering av fagpersonell.
  • Personar som har hjarte-, lever- eller lungesjukdom, eller har hatt blødingstendens, livstruande allergiske reaksjonar eller kreft. Unntaka kan vere basalcellecarcinom og celleforandringar på livmorhalsen. Ta kontakt med blodbanken.
  • Menn som har eller har hatt sex med menn. Minimum 12 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt.
  • Kvinner som har eller har hatt sex med menn som har hatt sex med menn, får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt.
  • Personar som bruker eller har brukt dopingmiddel eler narkotiske middel som sprøyter. Personar som har eller har hatt seksuell kontakt med person som bruker eller har brukt dopingmiddel eller narkotiske middel som sprøyter får minimum 6 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt
  • Personar som sel eller har selt seksuelle tenester får minimum 12 månaders karantene etter siste seksuelle kontakt.
  • Personar som har opphaldt seg samanhengande i minst 6 månader i land der malaria er mykje utbreidd. En del blodbankar tar malariatest. Dersom ein tester negativt for malaria etter opphaldet, kan ein fortsatt bli blodgivar.
  • Personar som har opphaldt seg i Storbritannia i over 1 år til saman i perioden 1980 – 1996 eller har fått blodoverføring der etter 1980
  • Personar som er fødd i Amerika sør for USA, har mor som er fødd i desse landa eller har fått blodoverføring i desse landa. Dette på grunn av mogeleg førekomst av T. Cruzi. Nokre stader godkjenner blodgivarar frå desse landa ved negativ test på T. Cruzi og etter å ha budd 6 månader i Noreg
  • Personar som har opphaldt seg meir enn 5 år til saman i Afrika sør for Sahara (gjeld ikkje Egypt, Libya, Tunis, Algerie og Marokko). Det samme gjeld dersom seksualpartner har oppholdt seg meir enn 5 år til saman i disse områda.
  • Viss du har partnar frå eit land med høgare førekomst av Hepatitt C, får du karantene i 5 år etter at samlivet starta. Ved eventuelt samlivsbrot må du vente i 6 månader før ein kan gi blod

For å bli blodgivar må vi registrere deg i blodbanken sitt dataregister. Dette er nødvendig av fleire årsaker:

  • Vi må ha moglegheit til å kome i kontakt med blodgivarane våre
  • Vi må kunne dokumentere at gjeldande regelverk er følgt
  • Vi må ha oversikt over tappehistorikken til kvar enkelt blodgivar
  • Vi treng å lagre ein del opplysingar om blodtype etc. for å kunne velje riktig blod til den enkelte pasient

Opplysingar som blir lagra er i hovudsak:

  • Namn
  • Fødselsnummer
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Timeavtalar
  • Registrering av kvar tapping
  • Blodtypeundersøkingar
  • Prøveresultat
  • Informasjon om korleis det har gått med kvar tapping

Som blodgivar har du krav på å få vite kva som er registrert om deg, og du kan krevje retting dersom feil informasjon er registrert.

Når kan eg ikkje gi blod

Mange infeksjonssjukdommar og risikosituasjonar gir karantene.

Dersom årsaka er av slik art at den i seg sjølv ikkje har betyding for blodgivinga, gjeld følgjande regel: akupunktur utført av autorisert helsepersonell i Noreg og med sterilt eingongsutstyr er godkjent. Akupunktørar, homeopatar er ikkje omfatta av den norske autorisasjonsordninga, og behandling hos desse gir 6 månaders karantene etter gjennomført behandling.

Det vil være nødvendig å få bekrefta at behandlar frå enkelte andre yrkesgrupper er autorisert helsepersonell. Dette gjelder f.eks naprapatar og osteopatar som er inne i ein omleggingsprosess. 

Du må sjekke med din behandlar om vedkommende er autorisert helsepersonell.


Flåttbitt gir karantene i 4 veker om det er ukomplisert. Dersom du har fått utslett eller andre reaksjonar er karantenetida 6 månader.

Minimum 6 månaders karantene etter siste holet er sett, med mindre det er brukt sterilt eingongsutstyr.

  • Gravide skal ikkje gje blod.
  • Etter fødselen skal kvinna vente minst 12 månader med å gje blod.
  • Etter abort skal kvinna vente 6 månader med å gje blod.

Dersom du bruker antibiotika, kan du ikkje gi blod. Du må vente 14 dagar etter avslutta behandling.

Infeksjonar eller eksponering for infeksjon kan gjere at du tidsavgrensa eller permanent ikkje kan vere blodgivar.

Dersom du har vore forkjøla, må du vente sju dagar etter at du er frisk og symptomfri før du kan gi blod.

Dersom du har feber må du vente 14 dagar etter at du er frisk og symptomfri før du kan gi blod.

Dersom du har munnsår skal du ikkje gi blod. Du må vente 14 dagar etter såret har grodd.

Dersom du har sår/gnagsår må du vente til du har heil hud/skorpe før du kan gi blod.

Dersom du har hatt omgangssjuke eller diaré må du vente 14 dagar etter at du er symptomfri før du kan gi blod.

Dersom du har eller har hatt malaria kan du ikkje gi blod. Dersom du har vore i malariaendemisk område kortare enn 6 månader er karantenetida 12 månader. Eventuell malariatesting kan endre karantenetida. Malariatest kan tidlegast takast 4 månader etter siste opphald i område der malaria er endemisk. Ta kontakt med blodbanken.

Medisinbruk kan gjere at du tidsavgrensa eller permanent ikkje kan vere blodgivar, avhengig av årsak og type medisin. Ta kontakt med blodbanken.

Personar som har hatt sporadisk/eingongsbruk av narkotiske middel som ikkje blir injisert har 1 års karantenetid.

Dersom du eller din seksualpartnar har opphaldt seg i land med høg førekomst av sjukdommar som kan smitte med blod, er det variable karantenereglar som gjeld.

Sjå rettleiar for transfusjonstenesta i Noreg eller kontakt blodbanken.

Spesielle epidemiologiske situasjonar kan nokre gongar gi karantene av varierande grad, for eksempel ved førekomst av vestnilvirus eller Zikavirus. Dette blir kunngjort av helsemyndigheitene. Ta kontakt med blodbanken.

Dersom du har opphaldt deg i eit område med utbrot eller aukande førekomst av zikafeber kan du ikkje gi blod før det har gått minst 28 dagar etter at du har forlatt området.

Dersom seksualpartnaren din har vore i eit zikaområde, må du vente fire månader etter at partnaren din har kome heim, før du kan gi blod igjen.

Har du tatt piercing eller tatovering må du vente i 6 månader før du kan gi blod. Dersom det er sett hol i slimhinner som nase, tunge, leppe, kinn eller kjønnsorgan kan du som hovudregel ikkje gi blod før 1 månad etter at nåla er tatt ut.

Ny partnar gir karantene i 6 månader.

Vent i 24 timar før du gir blod. Ved rotfylling må du vente i 1 veke etter gjennomført behandling.

 

I tillegg er det varierande karantenar i dei tilfella der blodgivar har fått injeksjonar, endoskopi, har fått blod osv. Her har årsaka til behandlinga betyding for om det blir opptil 6 månaders karantene, eller om du du ikkje kan vere blodgivar lenger. Ta kontakt med blodbanken.


Under

Etter samtale med personalet tar du plass i ein stol på rommet for blodgiving. Vi desinfiserer stikkstaden grundig og sjekkar identiteten din for å forsikre seg om at blodposane er merka med riktige etikettar.

Du får eit stikk i arma og gir 450 ml blod, dette er 10–12 prosent av blodet du har i kroppen. Samtidig tar vi blodprøver for testing. Du får eit plaster på stikkstaden, og skal klemme godt på dette dei første minutta etter blodgivinga. Plasteret kan du fjerne etter nokre timar.

Etter

Etter tappinga vil blodvolumet bygge seg opp igjen i løpet av nokre timar. For å unngå uheldige reaksjonar som følgje av væsketapet, bør du kvile i 10 – 15 minutt etter at du har gitt blod, i tillegg til å drikke rikeleg.

Unngå å anstrenge deg hardt fysisk dei første 24 timane etter at du har gitt blod. 

Etter blodgivinga bør det gå minst 12 timar før du vender tilbake til farleg arbeid eller hobby. Dette gjeld for eksempel flygarar, buss- og togførarar, kranførerar, fjellklatrarar, dykkarar og folk som ferdast i stigar og stillas. En del yrker og aktiviteter har strengare reglar enn 12 timer. For flyvere, som ikkje har arbeidsgiver med eigne regler, er det anbefala det å vente ein veke etter blodgiving. Du har sjølv ansvar for å sjekke om det er eigne regler for din jobb eller hobbyaktivitet når det gjelder blodgiving.

Kontakt blodbanken dersom du blir sjuk dei næraste dagane etter at du har gitt blod.

Ver merksam

Melder frå til blodbanken dersom du opplev ubehag eller biverknader under eller etter blodgiving. 

Kontakt

Førde sentralsjukehus Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank

Kontakt Laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank

Oppmøtestad

Telefon til blodbankane i Helse Førde:
Florø 57 83 92 87
Førde 57 83 92 87
Lærdal 57 64 00 20
Nordfjordeid 57 86 40 21

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

En person som sitter på en benk foran en bygning

Nordfjord sjukehus

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

En bygning med et flagg foran

Lærdal sjukehus

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Sunnfjord medisinske senter

Hans Blomgate 39

6905 Florø

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Frå Førde Sentralsjukehus går flybussen 70 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Buss

Nordfjordeid Rutebilstasjon ligg i Nordfjordeid sentrum og er om lag ein kilometer frå psykiatrisenteret/BUP/sjukehuset.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Nordfjordeid er det også bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

​Buss

Fleire rutebusser går forbi Lærdal Sjukehus.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Lærdal er det også gode bussamband til Bergen og Oslo.

Flybuss

Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. Det er korrespondanseruter via Kaupanger – sjå rutetider på nettsidene til skyss.no.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Nordfjord sjukehus og Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer.

Ved Førde sentralsjukehus kan du også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 16.30.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Bommen ved pasientparkeringa opnar seg automatisk. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus
 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.​​

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.

God start eininga:
Barseleininga har visittid heile døgnet.

Medisinsk sengepost:
14.00-15.00 og 18.30-19.00.

For å avgrense smitte under pandemien kan det vere andre visittider og reglar som gjeld. Sjå Smittestatus virussjukdomar​ for meir informasjon.


Barseleininga har familierom og ingen faste visittider.

Medisinsk sengepost:
11.30 - 12. 30 og 16.00 - 18.00

Ortopedisk:
Pårørande er velkomne heile døgnet.