Symptom på lungeemboli inkluderer nyoppstått tungpust/andenød, smerter i brystet som ofte forverrar seg når ein trekkjer pusten djupt, hoste, avsviming og iblant hevelse eller smerter i eit av beina. Pasientar med slike symptom skal kontakte fastlegen, legevakta eller sjukehuset raskast mogleg. Pasienten blir deretter vist til akuttmottaket for vidare utgreiing. Iblant startar ein med blodfortynnande medikament i forkant av utgreiing dersom mistanken om lungeemboli er høg.
Blodpropp – lungeemboli
Lungeemboli blir forårsaka av ein blodpropp som har oppstått i dei djupe venene i beina eller bekkenet, og som har losna og vandra med blodstraumen. Etter at proppen har sett seg lungekara blokkerer den straumen av blod frå hjartet. Lungeemboli er ein akutt medisinsk tilstand som krev omgåande behandling med blodfortynnande medikament. Dersom det oppstår mistanke om lungeemboli blir pasienten tilvist til akuttmottaket på sjukehuset for utgreiing og behandling.
Kliniske studiar
1 klinisk studie er open for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.
Sjå fleire kliniske studiarUtgreiing
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Behandling med blodfortynnande medikament gir risiko for blødingar. Ved alvorlege blødingar eller blødingar som ikkje stansar må du ta kontakt med fastlege/legevakt. I sjeldne tilfelle kan det oppstå blødingar i hjernen. Dette kan gi symptom som redusert medvit, kraftsvekking eller problem med balanse eller taleevne.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde