Brannskade - behandling av barn, nynorsk
Behandling av brannskadar hos barn strekker seg frå enkel sårbehandling ved små skadar til omfattande intensivbehandling ved større skadar. Primærbehandling ved brannskadde barn er å stabilisere barnet, undersøke omfanget av skaden og gi rett behandling. Målet er å prøve å rette opp att funksjonstilstanden til barnet før skaden oppstod.
Før
Barnet kommer først til akuttmottaket. Der blir det gjennomført nedkjøling dersom dette ikkje er gjort tidlegare, og dersom ein framleis ser det som nødvendig.
Brannskadens type, lokalisasjon, utbreiing og djupn blir nøye undersøkt. Å vurdere djupn kan vere vanskeleg – ofte tar det eitt til to eller fleire døgn før ein ser omfanget av skaden. Det er spesielt vanskeleg å vurdere brannskadar hos små barn. Ofte blir derfor barnet lagt i narkose (får sovemedisin), slik at ein kan gjere ei grundig vurdering, og reinse såra godt.
Ved store brannskadar hos små barn eller barn med andre sjukdommar i tillegg blir barnet flytt etter den første vurdering til intensiv‐ eller postoperativ avdeling for ein periode (frå nokre timar til fleire dagar). Etter dette blir barnet flytt til ansvarleg sengepost, der behandlinga fortset. I alvorlege tilfelle blir det vurdert om pasienten skal bli flytt til brannskadeavsnittet på Haukeland universitetssjukehus.
Under
Overflatiske skadar
Ved overflatiske skadar kan såra gro med jamlege sårskift. Det kan bli brukt forskjellige typar bandasjar. For eksempel blir Aquacel Ag brukt, ein sølvhaldig bandasje, som kan ligge på skaden i inntil 14 dagar av gonga. Dersom det er eller oppstår betennelse i såra, må barnet ha sårskift og bli bada i for eksempel medisinsk grønsåpe dagleg til såra er reine. Ofte kan barnet vere heime i permisjon mellom sårskifta.
Djupe skader
Djupare skadar må bli behandle med kirurgi. Brannskadane blir då dekt med bandasjar som blir skifta kvar eller annankvar dag, inntil ein meiner at såra er klare for hudtransplantasjon. For at ein transplantasjon skal vere vellykka, er det viktig at alt skada vev er vekk, og at det ikkje er betennelse i såret. Det kan derfor vere nødvendig med fleire operasjonar der såra blir reinsa før hudtransplantasjonen. Dette blir gjort i narkose. Bruk av eventuell antibiotika blir avgjort for kvar pasient. Generelt er ein tilbakehaldne med bruk av antibiotika.
Hudtransplantasjon
Ved ein hudtransplantasjon tar ein (haustar) tynn delhud eller tjukk fullhud frå ein annan stad på kroppen. Denne staden blir kalla donorstad. Donorstaden er ofte på lysken, låret eller innsida av overarmen. Hos dei minste barna kan ein også hauste hud frå hovudet. Donorhuda blir lagt på såra slik at den gror. Bandasjane på brannsåret skal då ikkje bli skifta på 4–5 dagar slik at den nye huda får tid til å feste seg. Bandasjen på donorstaden kan vere urørt i inntil 10 dagar.
Ved hausting av delhud skal såret ved donorstaden gro av seg sjølv utan komplikasjonar. I nokre tilfelle kan det oppstå ein forskjell i hudpigmenta (fargeforskjell frå huda omkring) eller arrdanning. Ved hausting av fullhud må donorstaden bli lukka med sting og vil etterlate eit arr. Vidare oppfølging av brannsåret blir bestemt når bandasjen er fjerna. Dette avheng av om den nye huda har festa seg i såret, og/eller om det har oppstått ein betennelse. Dersom alt ser fint ut, er det forventa 1–3 veker med sårstell og bandasjering. Dersom den nye huda ikkje har festa seg, er det ofte nødvendig med vidare sårstell og ein ny hudtransplantasjon. Overflatiske andletsskadar blir ikkje alltid dekt med bandasje, men blir vaska og smurt regelmessig med steril vaselin.
Gjer det vondt?
Opplevinga av smerter varierer frå barn til barn. Barnet får i utgangspunktet ein fast dose smertestillande medikament som skal sørge for jamn smertelindring. Doseringa kan bli justert i tråd med behovet til det enkelte barnet. I forbindelse med sårstell kan det ofte vere nødvendig med ekstra smertestillande og i nokre tilfelle roande medisin før sårskiftet (dormicumsaft). Det kan også vere nødvendig å stelle og skifte på såret i narkose. Nokre barn kan også vere plaga av kløe når brannskadane gror. Dette kan ein lindre med kløestillande medisin.
Kor lenge varer behandlinga?
Mindre overflatiske brannskadar gror vanlegvis innan 14 dagar, og det er sjeldan nødvendig med innlegging på sjukehus. Ved omfattande og djupe skadar kan sjukehusopphaldet vare i fleire månader, inkludert overflytting mellom spesialist‐ og lokalsjukehus. Eventuell behandling av transplantasjonsområde og arr er veldig individuelt og kan ta 1–1,5 år, eller til arra begynner å bleikne. Først då kan arra eventuelt bli behandla kirurgisk. Unntaket er dersom arra gir nedsett funksjon hos barnet, for eksempel hemma bevegelse av ledd.
Etter
Grotid og omfang av arrdanning og smerteoppleving er veldig forskjellig og avhengig av pasientens genetikk, eventuelle tilleggssjukdommar og om pasienten røyker eller blir utsett for passiv røyking. Nokre smerter eller arr kan vare livet ut.
Forholdsreglar
Når såra har grodd, må barnet bli smurt med uparfymert fuktgivande krem for å halde huda mjuk og minske arrdanning. Skaden må også bli skjerma for sollys i ca. 1 år ved å dekke til skaden med tøy og bruke høg solfaktor. Dette for å unngå stygge arr. Brannskadar som har grodd, bør ein skåne for friksjon av tronge klede, belte, selar og liknande. Desse områda vil sjelden bli like robuste som normal hud.
Oppfølging
Nokre barn treng oppfølging med kompresjonsplagg. Dette er eit spesialsydd plagg i eit materiale som skal stramme over arra for å hindre at desse blir store, klumpete og gir redusert bevegelegheit i området. Behandlinga med kompresjonsplagg kan vere noko ubehageleg i starten, men ein venner seg fort til det, og det skal ikkje vere smertefullt. Det finst forskjellige typar, og metodane varierer noko.
Arrbehandlinga blir gjennomført og følgt opp av ergo‐ eller fysioterapeut saman med plastikkirurg tilknytt avdelinga. Vidare oppfølging etter dette skjer via fastlege, som tilviser barnet tilbake til spesialisthelsetenesta ved behov.
Sist faglig oppdatert 24.11.2022
