Har du fått påvist brot i ankelen, vil legen først vurdere om det er eit brot som krev operasjon. Det kan vere nødvendig med undersøkingar som CT og MR for å vurdere dette.
Viss brotet ikkje krev operasjon, kan du reise heim etter undersøkinga. Viss du treng operasjon, er det ønskeleg å gjere det så snart som mogleg. Går det for lang tid kan ankelen hovne opp, slik at ein akutt operasjon ikkje er tilrådd. I slike tilfelle må du vente nokre dagar (vanlegvis 4-7 dagar) til hevelsen er gått ned. I nokre tilfelle kan du vente heime. Det er viktig at du ligg med ankelen høgt heile tida, slik at hevelsen går ned raskast mogleg.