Diagnose
Brot i skulder
Skulderleddet er kroppens mest beveglige ledd. Det stiller krav til både bløyte delar av kroppen (sener, musklar, leddband og nervar) og skulderskjelettet. Brotskadar i skuldra kan omfatta brot i skulderblad (scapula), kragebein (clavicula) eller øvste del av overarm (proksimale humerus).
Årsakar
Brot i kragebein
Brot i skulderblad
Brot i øvste del av overarmen
Brota er ofte relaterte til beinskjørheit (osteoporose). Mange av desse brota kan behandlast utan operasjon med opptrening under rettleiing av fysioterapeut. Viss brotet er i fleire bitar eller har ei stor feilstilling kan operasjon vera tilrådd.
Tilvising og vurdering
Ved mistanke om brot etter mindre uhell, kontakt fastlege eller legevakt. Ved openberre brotskader etter større uhell og ulukker ringer du 113.
Utredning
Behandling
Ikkje operativ (konservativ) behandling
Oppfølging
Oppfølging etter brot i skulderregionen er litt forskjellig for dei ulike brottypane. Etter operasjonen blir du verande på sjukehuset nokre dagar for smertelindring og trening med fysioterapeut. Kontroll med røntgen og legeundersøking er vanleg etter 8-12 veker.
Brot i kragebein behandlast ofte utan operasjon. Du får fatle som støtter underarmen dei første vekene. Funksjonen i skuldra kjem seg ofte etter 6-12 veker.
Brot i skulderbladet behandlast vanlegvis utan operasjon. Hovudregel er å starte tidleg med fysioterapi og gradvis auke med trening som går på bevegelighet.
Brot øvst i overarmen krev rehabilitering med eigentrening over ein lang periode. Det er viktig for å få eit godt resultat dersom brote har påverka skulderleddet.
Ver merksam
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde