Dersom du har skadd underarmen må du ta røntgenbilde for å utelukke eller påvise brot, og om det er skade på olbogeleddet eller handleddet i form av at det har gått ut av ledd. I tillegg gjer legen ei undersøking for å sjekke om det er skade på nervar, kar, sener eller musklar.
Brot i underarm
Underarmen består av to parallelle knoklar som er avgrensa øvst av olbogen og nedst av handleddet. Brot i underarmen blir delt inn i tre kategoriar: Øvst i underarmen (ofte olbogeskadar), underarmskaftet (brekte knoklar) og nedst i underarmen (vanlegvis brot i handleddet). I tillegg finst kombinasjonsskadar der ein knokkel har brot og den andre knokkelen har gått ut av ledd, anten ved handleddet eller i olbogen. Ved brot i underarmen er det derfor viktig å undersøke både olbogen og handleddet.
Utgreiing
Behandling
Oppfølging
Ver merksam
Av og til kjem det bakteriar i eit operasjonssår og bakteriane kan skape ein infeksjon. Teikn på infeksjon kan vere raudheit, aukande hevelse, eller væske som siv ut frå såra. Smerter frå såret eller feber kan også vere eit teikn på infeksjon. Dersom det oppstår infeksjon, er det viktig å kontakte avdelinga for vidare utgreiing og oppfølging så snart som mogleg.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde