Diagnose
Brot i underarm
Underarmen består av to parallelle knoklar som er avgrensa øvst av olbogen og nedst av handleddet. Brot i underarmen blir delt inn i tre kategoriar: Øvst i underarmen (ofte olbogeskadar), underarmskaftet (brekte knoklar) og nedst i underarmen (vanlegvis brot i handleddet). I tillegg finst kombinasjonsskadar der ein knokkel har brot og den andre knokkelen har gått ut av ledd, anten ved handleddet eller i olbogen. Ved brot i underarmen er det derfor viktig å undersøkje både olbogen og handleddet.
Utgreiing
Dersom du har skadd underarmen må du ta røntgenbilete for å utelukke eller påvise brot, og om det er skade på olbogeleddet eller handleddet i form av at det har gått ut av ledd. I tillegg gjer legen ei undersøking for å sjekke om det er skade på nervar, kar, sener eller musklar.
Behandling
Hos barn kan brot i underarmen vanlegvis bli behandla med gips. Ei mindre feilstilling vil korrigere seg sjølv når barnet veks og knokkelen blir lengre. Dersom det er stor feilstilling, får barnet narkose før legen set brotet på plass.
Hos vaksne er det viktig å få god stilling på brotet. Du blir lagd i narkose før legen set brotet på plass og stabiliserer brotet ved hjelp av pinnar, ekstern fiksasjon eller ei plate. Plata er det ikkje nødvendig å fjerne igjen. Pinnar og ekstern fiksasjon blir fjerna på poliklinikken etter seks veker.
Oppfølging
Det er vanleg med poliklinisk kontroll med røntgen etter seks og tolv veker. Dersom du har mykje plager, kan du setjast opp til ytterlegare kontrollar og du får tilvising til fysioterapeut ved behov. Brot i underarmen er relativt vanleg og dei fleste gror fint saman og du kan bruke armen som før.
Ver merksam
Av og til kjem det bakteriar i eit operasjonssår og bakteriane kan skape ein infeksjon. Teikn på infeksjon kan vere at såret blir raudt, aukande hevelse, eller væske som siv ut frå såra. Smerter frå såret eller feber kan også vere eit teikn på infeksjon. Dersom det oppstår infeksjon, er det viktig å kontakte avdelinga for vidare utgreiing og oppfølging så snart som mogleg.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde