Du kan ikkje røyke, snuse og eller bruke/ta andre nikotinpreparat før og etter operasjonen. Du må vere nikotinfri minst seks veker før og seks veker etter operasjonen. Ikkje bruk naglelakk og ta av alle piercingar før du møter på sjukehuset.
Dersom du er over 40 år anbefaler vi mammografi før operasjonen. Siste mammografiundersøking skal vere innanfor seks månader. Bruker du faste legemiddel, må du hugse å ta med ei liste over desse når du kjem til undersøking før operasjon. Denne må innehalde legemiddelnamn, styrke og dose. Ikkje gløym å oppgi eventuell bruk av p-piller og ikkje-registrerte preparat (naturlegemiddel). Nokre legemiddel kan auke risikoen for komplikasjonar, og du må derfor unngå desse i tida før operasjon.
Når du kjem til sjukehuset, skal du ha på deg komfortabelt tøy som er lett å ta på, og som ikkje strammar over operasjonsområdet. Det er viktig at du har med deg spesial-bh. Lege og sjukepleiar vil informere deg om dette, og om kva type dei anbefaler.
Du må dusje på operasjonsdagen for å førebygge infeksjon. Ikkje bruk body lotion.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det inneber at du ikkje kan ete, drikke, eller tygge tyggegummi/drops. Magesekken må vere tom for at ikkje mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset. Dersom du ikkje følger reglar om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsetje operasjonen.
Du skal ikkje ete fast føde eller drikke mjølk i 6 timar før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te, kaffi utan mjølk/fløyte) inntil 2 timar før planlagt operasjon. Unngå tyggegummi og sukkertøy i 2 timar før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisinar med eit glas vatn (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det vere andre rutinar som gjeld. Dette blir du orientert om på sjukehuset før operasjonen.