Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bulimi hos vaksne, døgnbehandling

Bulimi er ei psykisk liding som er relatert til eteåtferd, som påverkar helsa di, kjenslene dine og di evne til å fungere på viktige område i livet. Bulimi blir kjenneteikna av hyppige overetingsepisodar etterfølgd av åtferd som skal forhindre vektauke, som for eksempel sjølvframkalla oppkast. Ei kjensle av å vere ute av kontroll under overetingsepisodane. Sjølvkjensle er overdrive relatert til kroppsbilde.

Behandling kan gå skje poliklinisk eller ved innlegging. For dei aller fleste pasientane med bulimi vil poliklinisk behandling vere tilstrekkeleg, men for nokon vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlege og legevakt er dei som i hovudsak viser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta vil da, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Om behandling på ditt lokale DPS ikkje er tilstrekkeleg kan du tilvisast vidare til spesialisert behandling på eit Regionalt senter for spiseforstyrringar.

Dei aller fleste pasientane med bulimi skal behandlast poliklinisk. Alvorlege bulimiske episodar, misbruk av laksantia eller diuretika, kan gi grunn til innlegging, om dei fører til alvorlege somatiske komplikasjonar. I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt å legge inn pasienten for å komme i gang med eit reernæringsopplegg/stabilisering av måltidsrytme, dersom langvarig poliklinisk behandling ikkje gir resultat.

Utgreiing

Behandling

Oppfølging

Kontakt

Psykisk helsevern