Bulimi hos vaksne, døgnbehandling

Bulimi er ei psykisk liding som er relatert til eteåtferd, som påverkar helsa di, kjenslene dine og di evne til å fungere på viktige område i livet. Bulimi blir kjenneteikna av hyppige overetingsepisodar etterfølgd av åtferd som skal forhindre vektauke, som for eksempel sjølvframkalla oppkast. Ei kjensle av å vere ute av kontroll under overetingsepisodane. Sjølvkjensle er overdrive relatert til kroppsbilde.

Behandling kan gå skje poliklinisk eller ved innlegging. For dei aller fleste pasientane med bulimi vil poliklinisk behandling vere tilstrekkeleg, men for nokon vil innlegging i døgneining vere aktuelt i delar av sjukdomsforløpet.

Tilvising og vurdering

For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlege og legevakt er dei som i hovudsak viser til utgreiing og behandling i spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta vil da, på bakgrunn av prioriteringsrettleiaren «Psykisk helsevern for vaksne» avgjere om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Om behandling på ditt lokale DPS ikkje er tilstrekkeleg kan du tilvisast vidare til spesialisert behandling på eit Regionalt senter for spiseforstyrringar.

Dei aller fleste pasientane med bulimi skal behandlast poliklinisk. Alvorlege bulimiske episodar, misbruk av laksantia eller diuretika, kan gi grunn til innlegging, om dei fører til alvorlege somatiske komplikasjonar. I sjeldne tilfelle kan det vere aktuelt å legge inn pasienten for å komme i gang med eit reernæringsopplegg/stabilisering av måltidsrytme, dersom langvarig poliklinisk behandling ikkje gir resultat.

Utgreiing

Det er eit krav om at spesialisthelsetenesta skal nytte kunnskapsbaserte metodar. I utgreiing av spiseforstyrringar er det viktig med grundig kartlegging, som omfattar både fysiske (kroppslege) og psykiske plager.

Ved innlegging vil eit tverrfagleg behandlingsteam vurdere helsetilstanden til pasienten.

Undersøkingar som inngår i utgreiinga:

  • Somatisk undersøking, inkludert blodprøver og kostanamnese.
  • Psykiatrisk utgreiing med kartlegging av utviklingshistorie, bakgrunn og aktuelt problem.
  • Standardiserte testar. Dette kan vere både semistrukturerte intervju og sjølvutfyllingsskjema.
  • Odontologisk utgreiing. Det bør visast til odontologisk utgreiing ved mistanke om tannskadar. Ved utgreiing i sjukehusavdeling vil behandlingsteamet jamleg ha samtalar med pasienten for å kartlegge symptom og meistringsstrategiar, for i samråd med pasienten å vedta kva tiltak som skal/bør settast i verk.

Behandling

Behandlingstilbodet blir tilpassa kvar enkelt person. Overordna mål for behandling må alltid sjåast i samanheng med sjukehistoria til pasienten, ressursar, og motivasjon for endring.

Behandlinga i døgneining vil kombinere fleire ulike behandlingsformer som:

 

Det finst mange ulike typar psykoterapi. I døgnbehandling er det inga spesiell  terapiform som kan klart anbefalast. Type individualterapi blir vurdert individuelt og  i samråd med pasienten.

Miljøterapi blir definert som ei planlagd tilrettelegging av dagleglivet i ei døgneining. Miljøterapi som omgrep omfattar både det psykososiale miljøet i eininga, og relasjonen mellom miljøterapeuten og kvar enkelt pasient. I ei døgneining for spiseforstyrringar vil eit viktig terapirom vere matsalen. Reernæring og utfordring av matangst er viktige element i miljøterapien.

Behov for legemiddelbehandling blir vurdert individuelt og i samråd med pasienten.

Når éin i familien slit med eteforstyrringar vil også familiemedlemmer kunne bli involverte i sjukdomsutviklinga. Ein psykoedukativ familietilnærming kan dempe stressnivået i familien, gi ei betre forståing for alle av kva ei spiseforstyrring er, og gi betre meistring av måltid.

Ved innlegging i døgneining kan noko av behandlinga gå føre seg i grupper, som for eksempel psykoedukative grupper, samtalegrupper, kosthaldsgrupper og grupper for fysisk aktivitet.

Kor lang tid tar normalt behandlinga?

Forløpet ved spiseforstyrringar varierer, dette medfører at det individuelle forløpet og prognosane for kvar enkelt ikkje kan anslåast.

Oppfølging

Når pasienten blir skriven ut frå behandling i døgninstitusjon, er det svært viktig at vedkommande følger oppfordringane som blir gitt og nyttar seg av anbefalte oppfølgingstilbod også etter utskriving. For nokon tar det lang tid å bli frisk av bulimi. Det meste av behandlinga skal skje poliklinisk. Det er derfor veldig viktig med gode overgangar mellom døgnbehandling og poliklinisk behandling.

Spesielt viktig er det å følge opp anbefalt kostplan, og halde ved like/fortsette å arbeide mot ei normal vekt (BMI 20-25). Det vil vere med på å betre prognosen og redusere faren for tilbakefall.

Kontakt

Psykisk helsevern