Cytologisk punksjon
Celleprøve
Ei celleprøve blir teken for å undersøkje om ein svulst er godarta eller vondarta. Når ein finn ut kva type svulst du har, kan ein planleggje behandling. Celleprøva (cytologisk punksjon) inneber at vi hentar ut celler frå svulsten med ei tynn nål.
Tilvising og vurdering
Du kan anten bli vist frå fastlege eller frå lege ved den avdelinga på sjukehuset du tilhøyrer.
Før
Du treng ikkje å faste før undersøkinga.
Under
Etter at vi har teke prøva stryk vi cellene ut på eit objektglas. Vi vurderer kvaliteten på prøvematerialet medan du ventar. Dersom materialet ikkje er godt nok, kan vi ta ei ny prøve omgåande. Dette er ein enkel og rask metode med lite ubehag for deg. Det er erfarne patologar som utfører punksjonen.
Etter
Vi registrerer og granskar prøva i laboratoriet. Du får svar på prøva frå legen som tilviste deg.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde