Digital eigenregistrering i Checkware

Checkware er ei løysing for digitale skjema til deg som pasient. Her kan du sjølv registrere opplysningar som sjukehuset treng før, under eller etter eit behandlingsforløp.

Dersom du har brukt systemet før, kan du logge deg på direkte med lenka under. For deg som brukar systemet for første gong: Les gjerne informasjonen nedanfor før du loggar deg på.

Viktig informasjon

Du skal ikkje bruke digital eigenrapportering dersom du har behov for øyeblikkeleg hjelp. Programmet som blir nytta til digital egenrapportering har ingen døgnkontinuerleg vaktfunksjon, og kan derfor ikkje brukast ved behov for øyeblikkeleg hjelp.

Ved behov for øyeblikkeleg hjelp:Ta kontakt med fastlege eller legevakt.​​

Har du andre spørsmål; kontakt behandlaren din.

Digital eigenrapportering skal gjere det en​klare for deg å gje nødvendig informasjon til sjukehuset i samband med utgreiing og behandling. Skjema skal fyllast ut før første time, eller undervegs i utgreiinga og behandlinga. Enkelte gonger skal du også fylle ut skjema som ein del av oppfølginga etter at behandlinga er avslutta.

På enkelte avdelingar har du skjema tilgjengeleg heile tida. Då loggar du inn og fyller ut skjema ved endringar i tilstanden din, etter avtale med avdelinga. Dette vert du i tilfelle informert om av avdelinga.

Du fyller ut skjema på ei sikker nettside. Informasjonen blir overført direkte til  pasientjournalen din.

På våre barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar og på sjukehuset brukar helsepersonell elektronisk kartleggingsskjema til å utgreie og følge opp barn og ungdommar. 

Som lærar, barnehagetilsett eller føresett kan du derfor bli spurd om å bidra med opplysingar. Dette gjer du gjennom eit elektronisk skjema som du kan fylle ut på  mobil, nettbrett eller PC. 

For å sikre at alle pasientopplysingar blir behandla på ein trygg måte vil du bli beden om å oppgi fødselsnummeret ditt (11 siffer) slik at vi kan opprette deg som brukar og du kan logge deg inn i systemet vårt med Bank-ID. På denne måten sikrar vi at du er den rette personen til å svare på skjemaet.

 

 

 

 

 

 




Sist oppdatert 26.04.2024