Crohns sykdom, nynorsk

Crohns sjukdom er ein kronisk tarmsjukdom som kan gi alvorlege komplikasjonar. Legemiddel kan halde symptoma i sjakk, men mange treng kirurgisk behandling.

Crohns sykdom er en kronisk tarmsykdom som kan gi alvorlige komplikasjoner. De vanligste symptomene er diaré og magesmerter. Legemidler kan holde symptomene i sjakk, men noen trenger også kirurgisk behandling.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Ved Crohns sjukdom får pasienten flekkvis betennelse i tarmen. Sjukdommen kan gi betennelse i heile tarmsystemet, frå munn til endetarmen. Dei vanlegaste symptoma er diaré og magesmerter, men sjukdommen kan gi varierande grad av plagar og er mange gonger vanskeleg å påvise. Nokon har hatt ulike mageplagar i lang tid før dei kontaktar lege, andre får akutte plagar. Hos dei aller fleste kan ein stille diagnosen med koloskopi.

Dersom ein har Crohns sjukdom i tarmen og symptom som diare, magesmerter og vekttap, er det i dei fleste tilfelle behov for behandling med medisinar. Behandlinga har som mål å hemme betennelsen, hindre tilbakefall og forhindre langtidsskade av tarmen. Ved manglande effekt av medisinar eller ved sjukdomskomplikasjonar er kirurgisk behandling nødvendig.

Sjukdommen krev livslang oppfølging. Pasientar med ukomplisert sjukdom kan bli følgd opp av primærhelsetenesta, men pasientar med stadige tilbakefall med betennelse og komplikasjonar bør følgjast opp ved sjukehuset. Målet med oppfølginga er å vurdere effekt av behandling samt å påvise og behandle tilbakefall og komplikasjonar.

Tilvising og vurdering

Pasientens fastlege eller privatspesialiserande spesialist i mage-tarmsjukdommar tilviser pasienten til sjukehuset for utgreiing og / eller behandling av mistenkt Crohns sjukdom.

Ofte kan fastlegen gjere mykje av utgreiinga ved mistanke om Crohns sjukdom. Sjukehistoria må kartleggjast saman med ei alminneleg kroppsundersøking. Laboratorieundersøkingar, biletundersøkingar og endoskopiske undersøkingar kan utførast eller bestillast ved legekontoret.

Tilvisinga skal vere kort og innehelde elementa som er angitt under «Mage-tarm utgreiing». Fekal kalprotektintest, blodprosent og betennelsessmarkørar (CRP,LPK m diff,TPK) er ein føresetnad for ei god vurdering.

Det er meget viktig å få opplysningar om pasientens aktuelle kliniske tilstand som avføringshyppigheit, vektnedgang, allmenntilstand og om det føreligg magesmerter.

Utredning

På sjukehuset går ein på ny gjennom sjukehistoria og ny kroppsundersøking, og tidlegare undersøkingar blir gjennomgått saman med pasienten. Manglande opplysningar blir innhenta og manglande undersøkingar blir bestilt. Nokon gonger vil undersøkingar planleggjast før ein oppsummerande samtale.

Ved diagnostisering av sjukdommen og for å følgje med om behandlinga har effekt, bruker ein fleire ulike testar. Det viktigaste verktøyet er endoskopiske undersøkingar. Dei fleste av pasientane med Crohns sjukdom (90 prosent) får påvist sjukdommen ved koloskopi.

For dei som har Crohns sjukdom i øvre deler av mage-tarmkanalen, er det nødvendig med ei eller fleire supplerande undersøkingar. Det blir brukt både MR og ultralyd, men også ulike andre endoskopiske undersøkingar.

Aktuelle undersøkingar

  • Avføringsprøvar: Infeksjonar utelukkast og fekal-test kan gi mistanke om betennelse i tarmen.
  • Koloskopi kan brukast for å undersøkje tykktarmen og siste del av tynntarmen.
  • Gastroskopi brukast for å sjå etter sjukdom i matrøyr og magesekk.
  • Ultralyd av magen kan brukast for å sjå på magesekk, tynntarm og tykktarm.
  • MR tynntarm brukast for å sjå etter sjukdom i tynntarm.
  • Kapselendoskopi brukast for å sjå etter sjukdom i tynntarm.

 

 

Ventetid

Ventetiden for utgreiing kan variere frå ei veke til nokre månader, og det kjem an på korleis symptoma er og kor alvorleg tilvisande lege vurderer tilstanden. I sjeldne tilfelle blir pasientane innlagt for utgreiing dersom allmenntilstanden er veldig dårleg.

Hos dei fleste av pasientane er sjukdommen lokalisert i tykktarm og/eller siste del av tynntarmen. Hos desse vil ein kunne stille diagnosen dersom ein ser sår og betennelse, men nokon gonger må vi vente på svar frå vevsprøvane som blir tatt under undersøkinga. Det tar vanlegvis nokon veker å få svaret på.

Hos pasientar med sjukdom i øvrige deler av mage-tarmkanalen eller lite funn, kan det vere vanskelegare å setje diagnosen då eit vanleg magesår eller magekatarr av og til kan likne på Crohns sjukdom. Vi brukar då gastroskopi, ultralyd tarm, MR tynntarm og kapselendoskopi for å finne diagnosen, men ofte må ein eller fleire av desse undersøkingane kombinerast før ein er sikker.

Etter at diagnosen er stilt vil behandlinga som oftast starte umiddelbart, men det er avhengig av kva medikament ein har bestemt å gi.

Behandling

Om du har Crohns sjukdom vurderer vi nå om du skal ha behandling og eventuelt kva behandling som er best for deg. 

Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.

Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:

  1. ​Kva alternativ har eg?
  2. Kva fordelar og ulemper er moglege ved desse alternativa?
  3. Kor sannsynleg er det at eg vil oppleve nokre av desse?

Les meir om samval på helsenorge.no

Medisinsk behandling

Medisinsk behandling av Crohns sjukdom har tre hovudprinsipp:

  • Anfallsbehandling for å slå ned akutt og kronisk betennelse slik at pasienten får mindre plagar (behandlingseffekt) eller ikkje lenger har plagar eller tegn til betennelse i tarmen (remisjon)
  • Vedlikehaldsbehandling for å hindre tilbakefall
  • Hindre komplikasjonar av sjukdommen og langtidsskade av tarmen

Nokre medisinar blir berre brukt til å slå ned betennelse mens andre blir gitt både som anfallsbehandling og vedlikehaldsbehandling.

Les meir om betennelsesdempande- og immunhemmande legemiddel på helsenorge.no

Crohns sjukdom er ein sjukdom ein har heile livet og behandlinga kan derfor også vere livslang. Dei fleste pasientar får behandlingseffekt av anfallsbehandlinga innan ei veke. Det kan imidlertid ta betydeleg lengre tid før ein er i remisjon.

Effekten av medisinar som skal brukast over lengre tid kan ta 3-5 månader, men vurderast vanlegvis etter 3 månader.

Ved utilfredsstillande effekt vil ein vurdere å skifte til anna type behandling.

Kirurgisk behandling

Ved hjelp av medikamentell behandling kan dei fleste oppnå kontroll med symptoma, men hos enkelte pasientar kan kirurgi vere nødvendig.

Kliniske studiar

3 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Oppfølginga skjer i samarbeid med fastlegen. Ved milde sjukdomstilfelle kan all vidare oppfølging gjerast av fastlegen, som tilviser til sjukehuset ved behov.

Ved meir uttalt sjukdom bør sjukehuset styre behandlinga av pasienten og ta dei inn til jamnlege kontrollar. Framleis vil fastlegen ha ei viktig rolle i oppfølginga mellom spesialistbesøk.

Kontakt

Førde sentralsjukehus Medisinsk avdeling

Kontakt Medisinsk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.