Diagnose

Depresjon hos vaksne

Depresjon er ei utbreidd psykisk liding prega av senka stemningsleige, mangel på interesse og glede, trøyttleik og nedsett energi. Det finst behandling som hjelper, og dei fleste blir heilt friske.

Andre symptom på depresjon

  • Svekka konsentrasjon og merksemd
  • Redusert sjølvkjensle og sjølvtillit
  • Skuldkjensle og mindreverdigheitskjensle
  • Negative og pessimistiske tankar om framtida
  • Initiativløyse og avgjerdsvegring
  • Tankar og planer om sjølvmord
  • Søvnproblem
  • Redusert eller auka appetitt
  • Nedsett seksuell interesse
  • Angst, rastløyse og uro
 
Mange kan oppleva ulike kombinasjonar av depressive plager. Det varierer også kor mange slike plager den enkelte har. Sjølv om det er mange fellestrekk, er det altså store variasjonar i korleis depresjonen artar seg. Depresjon finst dessutan i ulike alvorsgrader, frå mild depresjon til alvorleg depresjon, noko som har noko å seia for val av behandlingstiltak. 
 
Me opplever alle periodar i livet der me kjenner oss nedfor og energilause. Det er heilt naturleg. Ei depressiv liding er derimot prega av ein type nedstemthet som kan setja eit lokk på både positive og negative kjensler, både glede og sorg. Ein deprimert person opplever ofte seg sjølv som følelsesmessig tom og flat, og kan føla at ingenting lenger betyr noko. Personen blir gjerne sjølvkritisk og grublar over nederlag og eiga maktløyse. Passivitet og nøling er også vanleg, saman med kroppslege smerter og ubehag.
 
Me snakkar ofte om ein depressiv periode, fordi dei aller fleste depresjonane varer ein avgrensa periode, og ein kjenner seg vanlegvis betre etter fire til seks månader. Gjennom behandling kan betringa skje endå raskare. Eit fleirtal av dei som har vore deprimerte opplever likevel ein eller fleire nye episodar med depresjon i løpet av livet. Derfor er det viktig med tiltak som førebygger ny depresjon.

Tilvising og vurdering

For å få eit behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta treng du ei tilvising. Det er som oftast fastlegen som viser til utgreiing og behandling, men andre helsepersonell kan også visa. Med utgangspunkt i tilvisinga og prioriteringsrettleiaren "Psykisk helsevern for vaksne", vil me vurdera om du har krav på behandling i spesialisthelsetenesta.

Utredning

Depresjon verkar på ulikt vis frå person til person, og kan ha mange ulike årsaker. Derfor må behandlinga tilpassast den enkelte. Nokon vil ha enkelte klart og avgrensa problem, medan andre kan ha mange ulike vanskar. For å kunna gi eit godt behandlingstilbod er det viktig å gjera ei utgreiing av dei problema du søkjer hjelp for. Utgreiinga skjer i form av samtale og bruk av ulike kartleggingsverktøy. Dine tankar og meiningar om kva tiltak som passar best for deg, skal tilleggast stor vekt. Behandlaren din skal lytta til det du har å seia, og dine oppfatningar skal bli teke på alvor. 

Dette er viktig i utgreiinga:
  • Tidlegare og noverande psykiske lidingar og somatiske sjukdommar
  • Selvmordsfare 
  • Bruk av rusmiddel
  • Barndoms- og oppvekstforhold
  • Psykiske lidingar i familien
  • Negative hendingar før og no 
  • Problemer i privatliv og arbeid 
  • Personlige ressursar og moglegheit for støtte frå andre
  • Om du har barn og om dei har spesielle behov no som bør varetakast

Det er viktig å avklara når depresjonen starta, og kva du meiner kan ha bidrege til å utløysa problema. Det er også viktig å finna ut av om du har opplevd episodar med depresjon tidlegare. Erfaringar frå desse, eksempelvis kva som hjelpte den gong, kan vera nyttige i arbeidet med dine aktuelle problem. Ettersom depresjon kan vera ein del av bipolar liding, bør dette også bli vurdert.

Det blir tilrådd at behandlaren nyttar seg av spørjeskjema som eit hjelpemiddel for å vurdera alvorsgrada av depresjonen, og for å følga opp behandlinga. Som pasient kan du ha nytte av at behandlaren din gir deg tilbakemelding frå spørjeskjemaa, blant anna for å følga med på om behandlinga verkar.

På bakgrunn av utgreiinga skal behandlaren din kunna stilla ein diagnose, ut frå talet på depressive plagar, der sterke dei er og i kva grad dei gjer det vanskeleg for deg å fungera i kvardagen. Deretter set du og behandlaren i fellesskap opp ein plan, der du får god informasjon om ulike former for behandlingstiltak. Dersom du ønskjer det, har du krav på ein individuell plan for å samordna tenester som blir sette i verk. 

Se eigen informasjon om individuell plan (helsenorge.no)

Behandling

Her er nokre vanlege mål for behandlinga:
 
  • Redusera depressive plagar og førebygga tilbakefall
  • Få innsikt i ulike samanhengar mellom depresjon og livssituasjon. 
  • Læra meistringsstrategiar som gir auka tryggleik og kontroll
  • Få auka kunnskap om depresjon
  • Få hjelp til å meistra ulike livsproblem
Behandling av depresjon består vanlegvis av ein kombinasjon av ulike tiltak. For mange er samtaleterapi det viktigaste tiltaket, eventuelt i kombinasjon med medikamentell behandling. Viss du ønskjer, er det naturleg å legga til rette for at pårørande kan delta i delar av behandlinga. Behandlinga kan bestå av:
 
  • Informasjon om depresjon og korleis han kan forståast og meistrast
  • Informasjon om fordelar og moglege biverknader av medikament 
  • Samtaleterapi retta mot innsikt i og endring av negative tankemønster og kjensler 
  • Samtaler om tidlegare hendingar som har noko å seia for dagens problem
  • Samtaler om vanskar og dilemma i kvardagen din
  • Tiltak retta mot arbeid og skule
  • Råd om korleis du kan avgrensa tida som blir brukt til bekymring og grubling 
  • Fysisk aktivitet og andre gjeremål som kan gi deg oppleving av meistring
 

 

 

 

Der verken medisinar eller psykologisk behandling har hjelpt, vil ein nokre gonger også prøva elektrokonvulsiv terapi, kalla ECT- behandling.



Oppfølging

Etter at du har avslutta behandlinga hos oss i spesialisthelsetenesta kan du ha utbytte av oppfølging frå fastlegen din og anna helsepersonell i primærhelsetenesta. Ein nyttig reiskap her er ein plan for førebygging av tilbakefall, med punkt for konkrete tiltak du kan gjera, bygd på erfaringane dine om kva som hjelper.

Behandlaren din i primærhelsetenesta kan ved behov søkja faglege råd hos oss. De kan også drøfta moglegheita for ei ny tilvising dersom det blir aktuelt.


Kontakt

Psykisk helsevern