Diabetes type 1, nynorsk

Diabetes type 1 er ein hormonsjukdom, og ein såkalla autoimmun sjukdom. Det vil seie at kroppens eige forsvarssystem (immunforsvaret) mot blant anna infeksjonar øydelegg dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen. Kroppen sluttar dermed å produsere hormonet insulin, eller produksjonen blir sterkt redusert, og dette fører til at blodsukkeret stig. Diabetes type 1 blir også kalla insulinavhengig diabetes.

Diabetes type 1 er en sykdom der kroppen slutter å produsere insulin. Insulin er et livsnødvendig hormon, og har du diabetes type 1 må du tilføre kroppen insulin resten av livet.

Les meir på helsenorge.no

Symptom

Tørste
Stadig behov for å tisse
Vekttap
Slappheit 
Nedsett allmenntilstand (dårleg form)
Magesmerter/oppkast
Kortpust
 
Nokon blir akutt sjuk med teikn til syreforgifting (diabetisk ketoacidose) når sjukdommen blir oppdaga. Dette er ein alvorleg tilstand som krev augeblikkeleg hjelp og innlegging i sjukehus.

Tilvising og vurdering

Ved mistanke om diabetes type 1 blir du lagt inn akutt eller du blir tilvist av din fastlege til sjukehuset for vidare utgreiing. På sjukehuset vil du bli vurdert av endokrinolog, ein lege som er spesialist på hormonsystemet, og startar som regel med insulinbehandling.

Utredning

Diagnosen vil som regel bli stilt raskt hos fastlegen på grunn av dei tydelege symptoma. Diagnosen blir stilt med ein blodprøve og ein urinprøve som begge vil vise for høgt sukkerinnhald. Det vil også bli målt HbA1c, som er ein blodprøve som speiler det gjennomsnittlege blodsukkeret (blodglukose) siste ca. 2-3 månader.

Alternativt kan dette vere symptom på LADA (Latent Autoimmune Diabetes in the Adult), som er ein langsam utviklande autoimmun diabetes. Tilstanden liknar på diabetes type 1, men kan og bli forveksla med diabetes type 2. Dette vil i så fall bli vurdert av endokrinolog i samarbeid med fastlegen. 


Behandling

Insulinbehandling

Ved nyoppdaga diabetes type 1 begynner du med insulinbehandling. Du vil få snakke med ein lege og/eller diabetessjukepleiar om sjukdommen, og korleis du kan leve med den i kvardagen. Kosthaldet er ein viktig del av behandlinga ved nyoppdaga diabetes type 1, og du vil få opplæring i riktig kosthald. 
 
Du begynner som regel med små dosar langtidsverkande insulin 1-2 gonger i døgnet (morgon og/eller kveld) med tillegg av hurtigverkande insulin til måltida. Dosane settast med insulinpennar som er enkle å bruke. Desse dosane justerer vi ut frå resultatet av blodsukkermålingane du gjer. Dei første vekene etter du har starta med insulin har du hyppig kontakt med oss, anten ved at vi ringer deg, eller ved at du har time på poliklinikken. Målet er at du med tida skal bli så trygg at du ganske raskt kan justere insulindosane dine sjølv. På sikt kan det for nokon vere aktuelt å skifte frå insulinpenn til insulinpumpe. Apparat for å måle blodsukker og utstyret du treng får du på blå resept.

Blodglukose

Behandlingsmåla for blodglukose ved diabetes er: 
  • fastande blodglukose 4-7 mmol/l
  • 2 timar etter måltid helst ikkje over 10 mmol/l.

Det er ikkje ønskeleg med blodglukose < 4 mmol/l. For HbA1c er behandlingsmålet omkring 53mmol/mol.

Kontinuerleg glukosemåler

For mange med diabetes type 1 kan det vere aktuelt med kontinuerleg glukosemåler (CGM), enten som et frittståande system eller som insulinpumpe med sensor. CGM er eit system som følger glukosenivået kontinuerleg slik at du kan sjå mønster og trendar som kan gi deg moglegheit for betre kontroll over din diabetes.
 

Opplæring

Du vil få grundig opplæring og informasjon om sjukdommen. Som regel av sjukepleiar, lege og ernæringsfysiolog. Undervisning i grupper med andre pasientar kan også vere aktuelt.
 
Blodsukkeret blir påverka av blant anna kva slags mat du et. Du må ha kunnskap om kva matvarer som påverkar blodsukkeret mest og korleis du du skal forhalde deg til dette. Du lærer å måle blodsukker og du får opplæring i korleis du setter insulin. Du får lære om verknader og oppbevaring av insulinet, og om symptom på lågt blodsukker og kva du skal gjere når det blir for lågt.
 
 

Kliniske studiar

2 kliniske studiar er opne for rekruttering. Saman med legen din kan du vurdere om ein klinisk studie er aktuell for deg.

Sjå fleire kliniske studiar

Oppfølging

Har du diabetes type 1, og god blodsukkerkontroll, skal du som hovudregel ha time til kontroll på sjukehuset ein gong i året. I tillegg kan du få tilbod om time hos diabetessjukepleiar dersom det er behov for det. På årskontrollen hos lege går vi gjennom kor godt blodsukkeret ditt er regulert, og om det er teikn eller symptom på komplikasjonar av sjukdommen. Du skal ta blodprøvar og urinprøve før denne timen.

Du får også hjelp til justering av insulindosar, opplæring av medisinteknisk utstyr (hjelpemedel). Vi gjer også tilbod om støtte og samtale rundt livet med en kronisk sjukdom. Nokre kan ha behov for tettare oppfølging i periodar. Vi oppfordrar til å bruke fastlegen til kontroll og fornying av reseptar mellom kontrollane på poliklinikken. 


Ver merksam

For høgt blodsukker

Det kan vere behov for å sette ekstra doser med hurtigverkande insulin for å få ned eit veldig høgt blodglukose.

Syreforgifting

Symptom på syreforgifting kan blant anna vere magesmerter, kvalme, oppkast hovudverk, nedsett allmenntilstand og uttalt tørste. Ved mistanke om syreforgifting må du ta kontakt med lege/legevakt eller sjukehus snarast mogleg. 

For lågt blodsukker (føling, hypoglykemi)

Ved lågt blodsukker vil du kunne oppleve symptom som konsentrasjonsvanskar, hjertebank, kaldsveitte, skjelving og hovudverk. Blodglukose kan da korrigerast ved å innta karbohydrat som søt drikke og mat (for eksempel grov brødskive).

Ved ekstra lågt blodsukker kan det oppstå svekka bevisstheit, akutt forvirring eller bevisheitstap. Det er viktig å få blodsukkeret til å stige raskt. Dersom enkle tiltak som mat og drikke ikkje verkar raskt, og ein ikkje oppnår kontakt med deg eller du ikkje kan samarbeide, kan andre gi hormonet glukagon, anten som ein nasespray eller som injeksjon.

Dersom ingen av desse tiltaka hjelper må ein kontakte legevakt eller 113 med ein gong. Det kan da gis infusjon av glukose (sukker), og det kan vere behov for akutt innlegging i sjukehus.


Kontakt

Førde sentralsjukehus Medisinsk avdeling

Kontakt Medisinsk avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

BLODGJEVARAR og RØRSLEHEMMA har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen. Sjå blått område på kartet:

 

Kart over parkeringsplassar ved Førde sentralsjukehus

 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

Akuttmedisin:
Etter avtale på telefon 57 83 90 82.

Barneavdeling:
Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.

Kirurgisk:
Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.

Kreft:
Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.

Kvinneklinikken:
Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.

Medisinsk:
Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.

Nevrologisk:
Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.

Ortopedisk:
13.30-16.00 og 17.30-19.30.