Digital heimeoppfølging betyr at du som pasient svarar på helserelaterte spørsmål via ein eigen portal heimanfrå. Det gir oss moglegheit til å førebu oss betre før konsultasjonar, samt redusere antal besøk ved sjukehuset, dersom det ikkje er nødvendig. Dette påvirkar den planlagde behandlinga di ved kreftpoliklinikken.
For å kunne delta må du ha tilgang til internett via for eksempel PC, nettbrett eller smarttelefon, og kunne logge inn med BankID.
Slik fungerer det
- 1 veke før planlagt behandling får du ein SMS med ei lenke til portalen du skal logge deg på. Dersom du skal ta blodprøve, vil det stå i innkallinga di.
- Du loggar inn via ID-porten, og svarar på nokre spørsmål heimanfrå.
- Ein sjukepleiar går gjennom svara dine før timen. Dersom det er behov for vurdering av lege, blir dette gjort.
Kva spør vi om?
Spørreskjemaet inneheld spørsmål om blant anna:
- Tannplager etter forrige behandling
- Eventuelle biverknadar
- Bruk av kalsium og D-vitamintilskot (f.eks. Calcigran Forte)
- Nye medisinar eller kosttilskot siste 6 månadar
- Nyare sjukdom eller symptom