Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behovsstyrt epilepsioppfølging

Digital oppfølging er ei fleksibel oppfølging for vaksne pasientar med ein stabil anfallssituasjon, som ikkje har behov for fysiske kontrollar.

 

Tilvising og vurdering

Dersom anfallssituasjonen din er stabil og du blir følgd opp med blodprøvekontrollar og reseptar på medisinar, kan digital brukarstyrt heimeoppfølging vere noko for deg. Helsepersonell vil vurdere dette i samråd med deg.

Innleiing

Behovsstyrt epilepsioppfølging er ei digital oppfølging for vaksne pasientar med diagnosen epilepsi. Dette har vore ein del av oppfølgingstilbodet ved nevrologisk poliklinikk sidan 2023 og forutset at pasienten har BankID.  

Spørjeskjema (PRO-EPI) har 23 spørsmål fordelt på fem tema:

  • Innleiing
  • Anfall
  • Medisin
  • Å leve med epilepsi
  • Avtale

Alle  innkomne svar lagrast i pasienten sin elektroniske pasientjournal. Erfaringa vår er at kontakten med pasienten blir meir fleksibel og at ressursane fordelast behovsstyrt i staden for kalenderstyrt.

Slik fungerer den digitale oppfølginga:

Illustrasjon som viser prosessen med behovsstyrt digital oppfølging av epilepsipasientar
  1. Sjukehuset sender ut spørsmål til pasienten
  2. Pasienten mottek SMS, svarar og sender skjema tilbake
  3. Sjukehuset mottek skjemaet, og vurderer behov for oppfølging
  4. Pasienten får tilbakemelding på om det er behov for anna oppfølging

Praktisk gjennomføring

Spørjeskjema (PRO-EPI) vert sendt til pasienten via ei lenkje på SMS (via den digitale løysinga CheckWare) to gonger i året. Ei algoritme avgjer om innkome svar vert koda  grøn, gul eller raud. Epilepsisjukepleiar har ansvar for å følgje opp innkomne svar.

  • Grøne svar betyr at alt er stabilt og at det ikkje er behov for meir oppfølging akkurat no.
  • Ved gule svar undersøker epilepsisjukepleiar  nærare, ser på tidlegare journalnotat og innkomne svar og tek kontakt med pasienten dersom det er behov for det.
  • Ved raude svar skal lege informerast og epilepsisjukepleiar tek kontakt med psienten for vidare informasjonsinnhenting.

Dersom aktuell problemstilling ikkje kan løysast på telefon med epilepsisjukepleiar, vert det gjort avtale om oppmøtetime eller telefonkonsultasjon hjå nevrolog.

Under avsnittet om “avtale” blir pasienten spurt om dei sjølv ynskjer kontakt med nevrologisk poliklinikk no. Dersom dei ønsker kontakt, tek epilepsisjukepleiar i første omgang kontakt på telefon.

Dersom det er punkt i det innkomne svaret som gir grunn til bekymring, tek epilepsisjukepleiar kontakt med pasienten sjølv om pasienten har kryssa av på at det ikkje er behov for kontakt akkurat no. 

Etter

Pasienten betaler ingenting for å svare på skjema. Dersom det blir behov for å sette opp til oppmøte eller telefonkonsultasjon, må pasienten betale eigenandel.     

Dei som ikkje lengen ønsker slik oppfølging, må kontakte nevrologisk poliklinikk. Då går pasienten tilbake til tradisjonelt kontrollregime,  med årleg telefonoppfølging /oppmøte.

Sjå video om korleis brukarstyrt poliklinisk oppfølging fungerer:

Sist faglig oppdatert 23.06.2023