Behandling
Epilepsi - antiepileptisk behandling
Medisin mot epileptiske anfall vil førebygge og redusere risikoen for nye anfall.
Dei fleste som har epilepsi, to tredjedelar, har god effekt av medisin og er lite plaga av anfall.
Tilvising og vurdering
Fastlegen tilviser deg til nevrolog for utgreiing og behandling av epilepsi.
Før
Det er ingen førebuingar til denne behandlinga.
Ta med utskrift av oppdatert medikamentliste frå fastlegen når du kjem til time hos nevrolog.
Under
Nevrologen vil gjere ei individuell vurdering av den enkelte pasienten før han eller ho vel aktuell medisin mot epilepsien din.
Det er ei rekke ting vi må ta omsyn til ved val av medisin, som kva slags epilepsi du har, alderen din, andre sjukdommar, om du bruker annan medisin, kva fase av livet du er i (for eksempel om du er i fertil alder), og vekta di.
Kva gjer du viss du har gløymt ei dose av medisinen, kastar opp eller har diaré?
Gløymt dose, barn 0–18 år:
- Gløymt morgondose og oppdagar dette før lunsj:
- Gi dosen straks. Kveldsdose blir gitt til vanlig tid.
- Gløymt morgondose og oppdagar dette etter lunsj:
- Gi berre kveldsdose til vanleg tid.
- Gløymt kveldsdose og oppdagar dette neste dag:
- Gi berre vanleg morgondose.
Gløymt dose, vaksne:
Ved gløymt dose av epilepsimedisin blir det anbefalt for vaksne å ta denne dosen så raskt som mogleg, også der dette betyr å ta den saman med neste dose.
Individuelle omsyn må bli tatt av den enkelte.
Oppkast (gjeld barn og vaksne) etter gitt dose:
- Oppkast innan 30 min:
- Gi/ta ny dose.
- Oppkast etter 30 min til 2 timar:
- Vanlege tablettar: Gi/ta halve dosen
- Mikstur: Ikkje gjenta dosen.
- Depot*- eller enterotablettar: Dosen blir gjentatt.
(*Depottablettar kan også ha nemninga «retard» eller «long»)
Diaré (gjeld barn og vaksne)
Medisin blir likevel tatt opp i kroppen via blodbanen: Ingen ekstra dose skal bli tatt.
Etter
Du må gå til kontroll hos nevrolog så lenge du ikkje har god anfallskontroll.
- Når du har vore utan anfall i eitt til to år, vil det vere aktuelt med vidare oppfølging hos fastlege.
- Det er vanleg å ta blodprøver for å måle mengda av legemiddel i blodet og andre blodprøver, som del av oppfølginga av epilepsimedisinar for å tilpasse denne til den enkelte.
Ver merksam
Pasientar som får anfallsdempande behandling kan oppleve trøyttleik, påverknad av levra og hudutslett.
- Dersom du får kraftige utslett på huda, stopp med medisinane og ta kontakt med nevrolog, fastlege eller legevakt så fort som mogleg.
- Pasientar som har vore anfallsfrie i eitt år med same medisin, kan ha førarkort og køyre bil.
- Ved planlegging eller ønske om graviditet bør du ta kontakt med nevrolog for å få best mogleg tilpassa oppfølging av behandlinga. Blir du gravid utan at du først har hatt kontakt med nevrolog, bør du ta kontakt for å få ei vurdering av behandlinga og korleis oppfølginga skal vere.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Nevrologisk seksjon
Kontakt Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Førde sentralsjukehus, 4. etasje.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde