Febril nøytropeni
Feber som oppstår på grunn av at talet på kvite blodceller (nøytrofile granulocytter) er lågt, er ein vanleg komplikasjon for kreftpasientar som har fått cellegiftbehandling. Dette kallar vi febril nøytropeni.
Ver merksam
Talet på kvite blodlekamar er lågast 8–14 dagar etter du har fått cellegiftkur. Infeksjon i denne fasen kan utvikle seg raskt og bli svært alvorleg. Det er derfor viktig at du er merksam i denne perioden. Dei fleste infeksjonane kjem av at dine eigne bakteriar som finst i tarmen, luftvegane eller huda kjem over i blodet.
Før
Dei vanlegaste teikna på infeksjon er feber og/eller frysningar. Sjølv relativt låge temperaturendringar skal du ta alvorleg. Dersom du frys eller kjenner deg dårleg og lurer på om du har feber, skal du måle temperaturen.
Andre symptom og teikn på infeksjon med eller utan feber kan vere akutt lokal smerte (pusshòler), raude og varme hudområde, frostanfall eller uforklarleg slappheit.
Er temperaturen 38.0 eller meir, må du raskt ta kontakt med ditt næraste lokalsjukehus, uansett tid på døgnet. Det er viktig å oppgi at du får cellegiftbehandling og når du fekk siste kur.
Under
På sjukehuset blir du undersøkt av lege. Det blir teke blodprøver og andre undersøkingar som vi reknar som nødvendige. Få kvite blodlekamar og feber fører som regel til innlegging og intravenøs antibiotikabehandling, og det er viktig at du kjem raskt i gang med behandling.
Etter
Vanlegvis må du vere innlagd på sjukehuset 7–14 dagar dersom du får febril nøytropeni. Etter enda antibiotikabehandling kan du reise heim, og du held fram kreftbehandlinga som planlagt. Det er viktig at du held fram med å vere merksam på om du får feber eller andre symptom også etter at du er skriven ut, og at du tek kontakt med sjukehuset dersom det skjer.
Febril nøytropeni – heimeoppfølging
Legen din har vurdert deg til å ha låg risiko for å utvikle eit alvorleg forløp som følgje av febril nøytropeni. Du har derfor vorte skrive ut frå sjukehuset, og dei neste 10–14 dagane vil du bli følgt opp av Kreftklinikken heime hos deg sjølv.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde