Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fjerning av delar av mandlar i narkose hos vaksne - tonsillotomi

Mandlane (tonsillene) sitter i svelget, en på kvar side, og ein del av lymfesystemet. I tidleg barndom bidrar lymfesystemet i svelget til modning av immunapparatet. Mandlane kan skape sjukdom og problemer som gjentatte halsbetennelser, nattlige pustevanskar, halsbyll eller kronisk betennelse.

Tonsillotomi betyr at delar av mandlane blir fjerna med operasjon. Operasjonen blir vanlegvis gjort på pasientar slit med plager på grunn av størrelsen på mandlane, som munnpust, svelgvanskar og gjerne pustevanskar/snorking om natta.

Før

Før operasjonen må vi vite om du har sjukdommar eller allergiar og om du bruker medisinar. Dette kan ha relevans for operasjonen eller narkosen og det kan vere aktuelt å bli vurdert av anestesilege før operasjonsdagen.

Du må på førehand fylle ut eigenmeldingsskjema om helsetilstand. Dette er for at sjukehuset skal vite om sjukdommar eller symptom som må vurderast før operasjonen og for å vurdere om du skal leggast inn før eller etter operasjonen.

Har du tidlegare hatt spesielle erfaringar frå bedøving eller narkose vil vi gjerne at du fortel oss om det. Har det vore problem med anestesi ved andre sjukehus, bør de skaffe kopi av anestesijournal og ta den med til oss.

Ta med medisinlista di til sjukehuset dersom du har det. Gi også beskjed om du bruker naturmedisin eller kosttilskot. Det er anestesilegen som avgjer kva medisinar du kan ta før operasjonen. 

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Fram til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
  • Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det.

Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk.Det får du i så fall beskjed om. 

Hygiene
Det er viktig at du dusjar og vaskar håret heime på operasjonsdagen eller kvelden før.
Du kan ikkje ha på deg ringar, klokker, piercing, kontaktlinser, sminke eller neglelakk før operasjonen. Briller og høyreapparat kan du ha på.

Sjukehuset må vite om du har tannprotese, bru, krone, stift eller lause tenner. Protesar kan du behalde til du er inne på operasjonsstova, men dei må fjernast før du sovnar. 

Oppmøte
På sjukehuset møter du personell som tar i mot deg og du får utdelt sjukehusklede og seng. Vi har garderobeskap med lås kor du kan oppbevare tinga dine. Førebu deg på at det kan bli venting denne dagen.

Under

Narkose 
Operasjonen blir gjort i narkose. Narkose er den vanlegaste formen for bedøving. Du får sovemedisin direkte i ei blodåre på armen, du sovnar raskt og vil vere smertefri under heile operasjonen. Anestesisjukepleiar og anestesilege passar på at du søv godt og får rett bedøving.

Du blir lagt i ryggleie på operasjonsbordet. Munnen blir halde open med eit instrument kalla gag. Det blir brukt ulike metodar for å fjerne deler av mandelen. Såret i halsen blir ikkje sydd, men skal gro av seg sjølv.


Etter

Oppvakning
Etter at operasjonen er ferdig, må du vere på oppvakningsrommet i rundt 2 timar. Då kan du dra heim dersom alt er i orden. Du får behandling for smerter og eventuelt kvalme. Kvalme er vanleg etter narkose.

Smertelindring
Før heimreise vil legen som opererte deg og sjukepleiar på oppvakninga snakke med deg om kva du må passe på etter operasjonen og du vil få informasjon om bruk av smertestillande medisin. Legen sender elektronisk resept til apoteket på det du treng.

Dei fleste har smerter i halsen etter operasjonen. Det er vanleg at drøvelen og slimhinna i halsen hovnar litt opp etter operasjonen. Smerte kan stråle opp mot øyrene. Ta smertestillande medisin etter legen sine råd.

Danning av skorper i halsen
Etter at deler av mandlane er fjerna, dannar det seg sår med skorper. Desse skorpene treng cirka 5 døgn før dei er klare til å falle av. Når skorpene starter å falle av, kan det opplevast som smerter i halsen. Smertene kan vare i 1 til 3 dagar. Fortsett med smertestillande dersom det er behov. 

Mat og drikke
Det er viktig å drikke ofte. Is verkar både smertestillande og kan hjelpe slik at du ikkje begynner å blø. Den fyrste veka etter operasjonen skal du unngå varm mat/drikke og mat med skarpe kantar som knekkebrød, brødskorper og nøtter.

Fysisk aktivitet
Unngå fysisk aktivitet (sport/gym) og tunge løft i 14 dagar. Ved fysisk aktivitet vil blodtrykket stige. Då utvidar blodkara seg og dermed aukar faren for bløding.

Fråvere frå jobb/skule
Det er vanleg med å vere vekke frå jobb/skule i 1-2 veker etter operasjonen. Be om sjukemelding eller fråverserklæring dersom du treng det. 

Generelt om heimreise
Alle som får utført tonsillotomi kan i utgangspunktet reise heim same dag. Ingen får forlate sjukehuset aleine etter ein operasjon, du må avtale at nokon kan komme og hente deg. Du skal ikkje være aleine første kveld og natt etter operasjonen.

Ver merksam

Faren for bløding etter operasjonen gjeld i 2 veker. Bløding oppstår sjeldan, men kan vere alvorleg. Då skal du ringe 113.

Ta kontakt ved bløding, nedsett allmenntilstand, feber, auka smerte eller problem med å drikke.

Sist faglig oppdatert 29.01.2026

Kontakt

Førde sentralsjukehus ØNH/kjeve avdeling

Kontakt ØNH/kjeve avdeling
En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.