Til deg som skal reise heim same dag
Etter operasjonen må du observerast i minimum 3 timar før du kan reise heim. Ein lege undersøker deg før heimreise. Du må ha med deg følge. Du kan ikkje køyre bil sjølv og kan ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen.
Til deg som skal vere inneliggande
Etter operasjonen må du observerast i minimum 3 timar før du kan reise heim. Du kan ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen, og derfor må pasienter som overnatter ved enkelte pasienthotell ha med ein vaksen pårørande. Om dette gjeld deg vil du få beskjed av oss om dette i god tid før innleggjinga. Neste dag skal du ha ein utskrivingssamtale med lege.
Sjukmelding
Sjukehuset skriv ut sjukmelding.
Resept
Du vil få resept på smertestillande medisinar.
Ved blødning etter operasjon
Det er ikkje uvanleg å ha litt blodig slim, men dersom du blør må du ta direkte kontakt med avdelinga.
Blødning etter fjerning av mandler kan vere alvorleg. Vi ønsker derfor at du tar kontakt om du er i tvil. Du skal ha lav terskel for å ringe 113.
Dei første 24 timane etter operasjonen bør du ikkie køyre bil, drikke alkohol eller røyke/snuse. Ei mogeleg bløding etter operasjonen vil du sjå ved blod frå nase eller munn, blodig hoste eller mørk avføring. Ein stadig svelgetendens hos barn kan og tyde på ei eventuell bløding.
For å redusere risiko for blødning etter operasjonen
Trening og aktivitet
Unngå fysisk anstrenging (sport/gym) og tunge løft. Når blodtrykket stig utvidar blodkara seg og dermed aukar blødingsfaren. Etter 14 dagar kan du starte forsiktig og øke treningen gradvis. Det beste er å begynne med uthaldenheitstrening og deretter forsiktig med styrketrening.
Dusj/bad
Unngå varmt vatn i dusj/bad den første veka
Mat og drikke
Unngå varm mat/drikke og mat med skarpe kantar (knekkebrød, brødskorper, nøtter) den første veka.
Generell risiko/komplikasjonar
Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Ta smertestillande medisin etter legens anbefaling. Det er ikkje uvanleg at øyresmerter oppstår ca. 2 dagar etter operasjonen. Øyresmerten skyldast hevelse rundt nervar som går frå hals og opp til øyrene. Dersom du ligg med hovudet og overkroppen heva kan det redusera ubehaget. Det er viktig at du drikk mykje og ofte for å unngå å få harde skorper i såra. Det kan gi meir smerte.
Andre følger etter operasjonen kan vere endra smakssans. Hevelse i drøvelen som kan gjer at du brekk deg, gjere det vanskeleg å svelge, gi dårleg ande, tannskader og hud-og bløtvevsskader. Dersom du plagast med svært dårleg ande kan det vere teikn på infeksjon.
Ta kontakt om du har teikn på infeksjon, bløding, nedsett allmenntilstand, feber, auka smerte eller problem med væskeinntak.
Helse Førde føretrekk å ha 4-5 timar observering av pasient etter operasjon.
Informasjon om omsorgsplassering i forhold til alder og bustad: