Behandling, Tonsillectomi
Fjerning av mandlar
Mandlane er lymfatiske organ som du ser på kvar side bak i halsen. I tidleg barndom bidrar mandlane til å danne immunstoffa og utvikle immunforsvaret i kroppen. Disse immunstoffa varer heile livet. Liknande vev finst også andre stader i svelget og i øvre luftveger. Fjerning av mandlane har derfor ingen innverknad på immunforsvaret i kroppen.
Fjerning av mandlane blir utført viss du har
- Gjentatte akutte betennelsar i mandlane.
- Kronisk betennelse i mandlane med symptom som dårleg ande, pussproppar frå mandlane eller lymfeknuteutheving på halsen.
- Forstørra mandlar som gir svelg-og pustevansker.
- Abcess/byll i mandlane.
- Mistanke om ikkje-godtarta forandringar i mandlane.
Generelt før du kjem til operasjon
Tilvising og vurdering
Dersom du bruker blodfortynnande medisinar må det avklarast med din fastlege om du kan slutte med desse før operasjonen.
Før
Du vil få informasjon om operasjonen og om forholdsregler før og etter operasjonen.
På operasjonsdagen må du dusje med hårvask hjemme, eventuelt kvelden før.
Faste
Før operasjonen må du faste. Det betyr at du ikke kan spise, drikke, tygge tyggegummi/drops, snuse eller røyke. Magesekken må være tom for at ikke mat eller væske skal komme over i lungene under narkosen. Det er viktig at du følger instruksjonene om hvordan du skal komme godt forberedt til sykehuset. Dersom du ikke følger regler om faste og røyking, kan du risikere at vi må utsette operasjonen.
Du skal ikke spise fast føde eller drikke melk i 6 timer før operasjonen. Du kan gjerne drikke klare væsker (vann, saft, juice uten fruktkjøtt, brus, te, kaffe uten melk/fløte) inntil 2 timer før planlagt operasjon. Unngå røyk, snus, tyggegummi og sukkertøy i 2 timer før operasjonen. Inntil 1 time før operasjonen kan du svelge medisiner med et glass vann (maks. 150 ml).
Ved spesielle inngrep kan det være andre rutiner som gjelder. Dette blir du orientert om på sykehuset før operasjonen.
På sykehuset møter du personell som tar imot deg. Vær forberedt på at det kan bli noe venting før det er klart til operasjon.
For å redusere smerter etter operasjonen, vil du få smertestillende medisiner før operasjonen.
Under
Ei munnsperre eller gag (eit instrument som held tunga nede) brukast for å halde munnen open. Mandlane fjernast ("skrellast ut") frå tonsillengene. Sjølve inngrepet tek 15-45 minutt.
Vi bruker ein såkalla «kald teknikk» utan laser eller andre termiske prosedyrar. Alle studier har vist at det er minst risiko for etterbløding når vi bruker denne teknikken.
Etter
Til deg som skal reise heim same dag
Etter operasjonen må du observerast i minimum 3 timar før du kan reise heim. Ein lege undersøker deg før heimreise. Du må ha med deg følge. Du kan ikkje køyre bil sjølv og kan ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen.
Til deg som skal vere inneliggande
Etter operasjonen må du observerast i minimum 3 timar før du kan reise heim. Du kan ikkje vere aleine den første kvelden og natta etter operasjonen, og derfor må pasienter som overnatter ved enkelte pasienthotell ha med ein vaksen pårørande. Om dette gjeld deg vil du få beskjed av oss om dette i god tid før innleggjinga. Neste dag skal du ha ein utskrivingssamtale med lege.
Sjukmelding
Sjukehuset skriv ut sjukmelding.
Resept
Du vil få resept på smertestillande medisinar.
Ved blødning etter operasjon
Det er ikkje uvanleg å ha litt blodig slim, men dersom du blør må du ta direkte kontakt med avdelinga.
Blødning etter fjerning av mandler kan vere alvorleg. Vi ønsker derfor at du tar kontakt om du er i tvil. Du skal ha lav terskel for å ringe 113.
Dei første 24 timane etter operasjonen bør du ikkie køyre bil, drikke alkohol eller røyke/snuse. Ei mogeleg bløding etter operasjonen vil du sjå ved blod frå nase eller munn, blodig hoste eller mørk avføring. Ein stadig svelgetendens hos barn kan og tyde på ei eventuell bløding.
For å redusere risiko for blødning etter operasjonen
Trening og aktivitet
Unngå fysisk anstrenging (sport/gym) og tunge løft. Når blodtrykket stig utvidar blodkara seg og dermed aukar blødingsfaren. Etter 14 dagar kan du starte forsiktig og øke treningen gradvis. Det beste er å begynne med uthaldenheitstrening og deretter forsiktig med styrketrening.
Dusj/bad
Unngå varmt vatn i dusj/bad den første veka
Mat og drikke
Unngå varm mat/drikke og mat med skarpe kantar (knekkebrød, brødskorper, nøtter) den første veka.
Generell risiko/komplikasjonar
Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Ta smertestillande medisin etter legens anbefaling. Det er ikkje uvanleg at øyresmerter oppstår ca. 2 dagar etter operasjonen. Øyresmerten skyldast hevelse rundt nervar som går frå hals og opp til øyrene. Dersom du ligg med hovudet og overkroppen heva kan det redusera ubehaget. Det er viktig at du drikk mykje og ofte for å unngå å få harde skorper i såra. Det kan gi meir smerte.
Andre følger etter operasjonen kan vere endra smakssans. Hevelse i drøvelen som kan gjer at du brekk deg, gjere det vanskeleg å svelge, gi dårleg ande, tannskader og hud-og bløtvevsskader. Dersom du plagast med svært dårleg ande kan det vere teikn på infeksjon.
Ta kontakt om du har teikn på infeksjon, bløding, nedsett allmenntilstand, feber, auka smerte eller problem med væskeinntak.
Helse Førde føretrekk å ha 4-5 timar observering av pasient etter operasjon.
Informasjon om omsorgsplassering i forhold til alder og bustad:
Ver merksam
Kontakt
Førde sentralsjukehus
ØNH/kjeve avdeling
Oppmøtestad
Førde sentalsjukehus, 1. etasje. ØNH-poliklinikk.Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde