Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tonsillektomi

Fjerning av mandlar hos barn

Mandlane er lymfatiske organ som er på kvar side bak i halsen. I tidleg barndom bidreg mandlane til å danne immunstoff og utvikle immunforsvaret i kroppen. Desse immunstoffa varer heile livet. Liknande vev finst også andre stader i svelget og i øvre luftvegar. Fjerning av mandlane har derfor ingen innverknad på immunforsvaret i kroppen.

Fjerning av mandlane blir utført dersom barnet har

  • gjentekne akutte betennelsar i mandlane
  • kronisk betennelse i mandlane
  • forstørra mandlar som gir svelgje- og pustevanskar
  • abscess/byll i mandlane

Delvis fjerning av mandlane (tonsillotomi) kan vere eit alternativ.

Hos barn er det også ofte nødvendig å fjerne adenoider (polyppar/falske mandlar), særleg dersom barnet er plaga med tett nase.

Fjerning av mandlane blir utført i narkose. Dette er ikkje eit komplisert inngrep, men det er ein risiko for etterbløding. Slike blødingar kan vere alvorlege, og barnet må vere grundig greidd ut før operasjon.

Tilvising og vurdering

I forkant av inngrepet må det avklarast om barnet har andre sjukdommar eller bruker medisinar som kan ha noko å seie for operasjonen eller narkosen.

Dersom barnet bruker blodfortynnande medisinar må det avklarast med fastlegen om barnet kan slutte med desse før operasjonen.

Før

Barnet blir kalla inn til ei forundersøking før operasjonen. Her møter de ein lege som undersøker barnet i øyre-nase-hals-området, og som gir informasjon om operasjonen og om forholdsreglar før og etter operasjonen.

Barnet må dusje og vaske håret enten på operasjonsdagen eller kvelden før.

Barnet vil få ein venekanyle (PVK/veneflon) på handbaken for å sette narkosemiddel. Barnet kan få bedøvingskrem (Emla) før venekanylen blir sett, slik at stikket gjer mindre vondt. Kremen må da leggast på begge handbakar cirka éin time før oppmøte på sjukehuset.

​​​Faste

​​Før operasjonen/undersøkinga må barnet faste. Dersom barnet ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse eller utsette timen.

Barn og ungdom (0–18 år)

Dei siste 6 timane før operasjon/undersøking skal barnet ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. Spedbarn kan få morsmjølkerstatning inntil 4 timar før, og morsmjølk inntil 3 timar før. Dei siste 2 timane skal barnet unngå drops og tyggegummi, snus og røyk, fordi dette kan auke mageinnhold og magesyre. Barnet kan drikke klare væsker fram til 1 time før operasjon/undersøking: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Barnet kan pusse tenner og skylje munnen når som helst.

  • Mat og mjølk: Skal stoppast 6 timar før
  • Morsmjølkerstatning: Skal stoppast 4 timar før
  • Morsmjølk: Skal stoppast 3 timar før
  • Drops og tyggegummi, røyk og snus: Skal stoppast 2 timar før
  • Klare væsker: Skal stoppast 1 time før

Dersom barnet likevel har ete eller drukke utanom dei tidene som står her må personalet få vite det. Strengare reglar kan vere nødvendig for nokon. Det får de i så fall beskjed om.

Medisinar

Dersom barnet bruker faste medisinar, skal desse ikkje takast om morgonen operasjonsdagen. Ta medisinane med til sjukehuset saman med ei oppdatert liste over medisinane barnet bruker. De får beskjed om kva for nokre av dei faste medisinane barnet kan ta før operasjonen. Inhalasjonsmedisin kan brukast som vanleg og takast med til sjukehuset.

Ver førebudd på at det kan bli noko venting før det er klart til operasjon.

Under

Ein ledsagar får vere med barnet inn på operasjonsstova medan barnet blir lagt i narkose. Når barnet har sovna, blir ledsagaren følgd ut av operasjonsstova.

For å redusere smerter etter operasjonen, gir vi smertestillande medisinar under inngrepet.

Ein munnsperre eller gag (eit instrument som trykker ned tunga) blir brukt for å halde munnen open. Mandlane blir fjerna skånsamt frå tonsillesengene. Vi bruker ein såkalla kald teknikk, utan varme instrument. Alle studiar har vist at det er minst risiko for etterblødning ved bruk av kald teknikk.

Etter

Etter operasjonen blir barnet observert på oppvakningsavdelinga. Ein følgjesperson kan vere hos barnet så fort det er praktisk mogleg. Kirurgen vil informere om operasjonen og eventuelle forholdsreglar. De kan vanlegvis reise heim 3 timar etter operasjonen. Barn må ikkje vere åleine dei 2 første vekene etter operasjonen.

Fråvær frå barnehage/skule i 14 dagar

Fråværserklæring til skulen får dykk på sjukehuset før heimreise. Foreldre til barn som har vorte opererte har rett til pleiepengar frå og med dagen barnet blir innlagd (legen fyller ut skjema for pleiepengar før hjemreise).  

Reseptar

Barnet får resept på smertestillande medisinar (eResept).

Ved bløding etter operasjonen

Det er ikkje uvanleg at barnet får noko blod blanda med slim den første tida etter operasjonen. Då tilrår vi å prøve kaldt omslag på hals/nakke og å suge på ein isbit, ete is eller drikke kaldt vatn. Dersom barnet blør (meir enn blod i spytt), ta direkte kontakt med avdelinga eller ring 113.

Bløding etter fjerning av mandlar kan vere alvorleg. Ta kontakt ved den minste tvil, og ha låg terskel for å ringje 113.

Barn bør observerast nøye dei første dagane etter operasjonen. Det blir tilrådd å sove hos barnet eller sjå til barnet fleire gonger om natta. Ei mogleg bløding etter operasjonen kan sjåast ved blod frå nasen eller munnen, blodig hoste eller mørk avføring. Dersom barnet svelgjer hyppig kan det også vere teikn på bløding.

Forholdsreglar for å redusere risiko for bløding etter operasjonen:

Trening/aktivitet

Unngå fysisk anstrenging (sport/gym) og tunge løft i 14 dagar. Når blodtrykket stig utvidar blodkara seg, noko som aukar blødingsfaren.

Dusj/bad

Unngå varmt vatn (over 37 grader) i dusj og bad i 7 dager etter operasjonen.

Mat og drikke

Unngå varm mat og drikke, og mat med skarpe kantar (knekkebrød, brødskorper, nøtter og liknande) i 7 dager etter operasjonen.

Generell risiko/komplikasjonar

Dei fleste har ein del smerter i halsen etter operasjonen. Gi smertestillande medisin etter tilrådinga til legen.

Det er ikkje uvanleg at øyresmerter oppstår cirka 2 dagar etter operasjonen. Øyresmertene kjem av hevelse rundt nervane som går frå halsen opp til øyret. Ubehaget kan reduserast ved at barnet ligg med hovudet eller overkroppen heva.

Det er viktig at barnet drikk rikeleg og ofte. Det kan hindre danning av harde skorper på sårflatene, som kan gi auka smerter.

Andre følgjer etter operasjonen kan vere

  • endra smakssans
  • hevelse i drøvelen som kan medføre brekkingsrefleks og svelgjevanskar
  • lett dårleg ande (dersom barnet blir plaga med sterk dårleg ande, kan dette vere teikn på infeksjon)
  • tannskadar
  • skadar i hud- og blautvev

Ta kontakt ved bløding, nedsett allmenntilstand, feber, auka smerter eller problem med væskeinntak.

Ver merksam

Det er ikkje uvanleg med noko blod blanda med slim, men dersom barnet blør (meir enn blod i spytt), ta direkte kontakt med avdelinga eller ambulanse på telefon 113. Bløding etter fjerning av mandlar kan vere alvorleg.

Ta kontakt ved den minste tvil og ha låg terskel for å ringje 113.

Sist faglig oppdatert 07.03.2025

Kontakt

Førde sentralsjukehus Barne- og ungdomsavdeling

Kontakt Barne- og ungdomsavdeling

Oppmøtestad

Vi har flytta inn i nye, flotte lokaler i Livabygget. Vi er framleis å finne i 5. etasje, og du tek trapp eller heis som før. Her finn du barne- og ungdomsavdelinga, føde og gynekologisk sengepost. 

Sengepost:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå korridoren til endes, forbi kafeen og til heishallen. Ta heisen opp i 5 etg. Henvend deg på vaktrommet på Barne og ungdomsavdelinga. 

Poliklinikk:
Bruk hovudinngangen til sjukehuset og gå rett fram gjennom glasdørene ved respsjonen. Henvend deg i luka til sekretær.

 

En stor bygning med en stor plen foran seg

Førde sentralsjukehus

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

 

Praktisk informasjon

Ved Førde sentralsjukehus finn du Sjukehusapoteka Vest HF si avdeling i Sogn og Fjordane.

​​Apoteket gjev tilbod til alle nyutskrivne og polikliniske pasientar ved Førde Sentralsjukehus, samt alle tilsette og besøkande.  Sjukehusapoteket er altså open for alle.

På veg heim frå sjukehuset kan pasientar få med seg alt dei treng av legemiddel og utstyr for vidare behandling heime. I tillegg har apoteket eit stort og variert utval av reseptfrie legemiddel, hudpleiemiddel, kost- og ernæringsmiddel samt andre apotekvarer.

Apoteket gjer klar legemidla medan du ventar og gjev råd om korleis du skal bruke dei på rett måte.

Apoteket forsyner dei fleste avdelingane i Helse Førde med legemiddel, apotekvarer og farmasøytiske tenester og gjev farmasøytisk rådgjeving til mange kommunar i Sogn og Fjordane.

​For å få behandling ved sjukehus eller poliklinikk må du i utgangspunktet vere tilvist frå lege, kiropraktor eller manuell teapeut. Har du trong for legehjelp skal du ringe fastlegen din eller den kommunale legevakta.

Les meir om eigendelar på helsenorge.no

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Då kan det vere lurt å hugse nokre reglar.

​Det er sjølvsagt heilt greitt så lenge det er pasientane og/eller pårørande og vener som er på bileta.

Det er likevel ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsette. Vi har hatt tilfeller der bilete av medpasientar/tilsette er blitt publisert i digitale media utan deira godkjenning.

Vi håper alle viser respekt for personvernet til alle dei møter under besøket på sjukehuset og avgrensar fotografering til å gjelde eigen familie og vener.

​Ved Førde sentralsjukehus finn du kiosk der du kan kjøpe aviser og andre kioskvarer. Du kan også levere kupongar til Norsk Tipping sine spel.

Alle kantinene i Helse Førde er opne for tilsette, pasientar og pårørande.

​Kantinene på Lærdal sjukehus og Nordfjord sjukehus finn du i underetasjen. Dei har opningstid 10.30 - 14.30.

Hovudkantina ved Førde sentralsjukehus ligg i 2. etasje. Her får du kjøpt varm mat og mykje anna. Den har opent 07.30 - 20.00.
I Førde finn du også ein kafe i 1. etasje innanfor resepsjonen. Denne har opningstid  09.00 - 15.00. Her finn du kaffe, te, anna drikke, påsmurt og kaker m.m.

Kantina ved Indre Sogn psykiatrisenter er open alle kvardagar frå klokka 10.00-13.30.

Kantina på Tronvik er open for tilsette og bebuarar.

​Du kan nytte mobiltelefon ved sjukehusa. Vi oppfordrar likevel alle til å bruke mobilvett og ta omsyn til medpasientar.

Det er viktig å sette telefonen på stille om natta, og på stilleringing eller vibrering om dagen. Av omsyn til dei andre pasientane er det best å gå ut av rommet dersom du må ta ein lengre samtale.

Vi ber om at du inne på pasientrommet ikkje snakkar eller har lyd på mobilen i tidsrommet etter klokka 21.30 til klokka 08.00 neste dag.

Det er gratis trådlaust nettverk for pasientar, pårørande og besøkande på sjukehusa. Dette kan du kople deg til frå din smarttelefon.

Førde sentralsjukehus har sett av hundre parkeringsplassar berre for pasientar og pårørande. Er alle desse plassane opptekne, er det fleire parkeringsområde rundt Førde sentralsjukehus. Ledige plassar på desse områda kan òg nyttast av besøkande.

Blodgjevarar og rørslehemma har eigne parkeringsplassar mellom anna framfor hovudinngangen og rundt om på sjukehuset sitt område. Dei som kan parkere her, har eige parkeringsløyve. Utan slikt løyve er parkering rekna som ugyldig.

Ordinær parkering for pasientar og pårørande:
Parkeringsplassen er inn frå Svanehaugvegen, nord-aust for Svanabygget som er hovudbygningen ved sjukehuset. På nedsida av parkeringsplassen er det også ladepunkt for el-bil. 

 

​I 6. etasje har Førde sentralsjukehus eige pasienthotell.

Pasienthotellet har 22 senger. Dei er fordelt på seks enkle rom og åtte doble rom. Alle romma er tilpassa rullestolbrukarar.

​Treng du nokon å snakke med? Sjukehuspresten er til for deg anten du er pasient eller pårørande. I møte med denne omsorgstenesta kan du finne ein «fristad» og ein plass å samle tankane. I samtale med sjukehuspresten er det tid og rom for både stort og smått.

Du treng ikkje ha kristen eller religiøs tru for å ta kontakt. Det er ditt liv og dine tankar som har fokus. Det er sjølvsagt og høve til klassiske prestetenester som mellom anna sermoniar og bøn.

Uansett kva du har på hjartet er sjukehuspresten tilgjengeleg for å møte deg, der det passar deg best. Det kan vere på telefon, prestekontoret, pasientrom, i kantina eller kanskje på ein benk ute.

Ta kontakt direkte med Helene Langeland på telefon 908 79 281, eller spør personalet om å tilkalle/avtale tid med prest.

Sjukehuspresten er primært tilgjengeleg i ordinær kontortid, men kan og tilkallast til andre tider.

Kontoret er på plan 2, første dør til høgre for inngangen til kantina.

Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).
  3. Les nøye gjennom vilkåra.
  4. Trykk "Godta" når du har lese og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal berre vere nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar.
 

  • Akuttmedisin:
    Etter avtale på telefon 57 83 90 82.
  • Barneavdeling:
    Visittider sengeposten 5. etg: Kontakt personale på vaktrommet.
  • Kirurgisk:
    Visittider sengepost 12.30-13.30 og 18.30-19.30.
  • Kreft:
    Visittider sengepost: Har ikkje faste visittider. Ta kontakt med vaktrommet.
  • Kvinneklinikken:
    Far eller medmor kan kome når dei ønskjer utanom kviletid klokka 13.00-15.00. Søsken til barnet og andre besøkande kan takast i mot utanfor avdelinga.
  • Medisinsk:
    Visittider medisinsk sengepost 14.30-15.30 og 19.00-19.45. Til eineromma: Etter avtale.
  • Nevrologisk:
    Ikkje fast visitttid. Pårørande og andre er alltid velkomne.
  • Ortopedisk:
    13.30-16.00 og 17.30-19.30.