Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Flowmetri

Flowmetri er ei undersøking for deg som kan gjennomføre ein viljestyrt vasslating.

Kva skjer under undersøkinga?

Flowmetri blir gjennomført for pasientar med nevrogen blæredysfunksjon. Undersøkinga går ut på å måle krafta på urinstrålen og kor lang tid det tar å tømme blæra. Etter vasslatinga blir det målt for eventuell rest-urin ved hjelp av ultralyd.

Før

Det er tre ting å hugse på til denne undersøkinga:

  • Blæra skal vere normalt full ved framkomst, slik at du kjenner behov for å tisse.
  • Før undersøkingsdagen skal du i tre døgn føre ei liste over kor mykje du drikk, kor mykje og kor mange gonger du tissar, og du skal markere tidspunkt for eventuelle lekkasjar (drikke- og diureseliste).
  • Dersom du får ein urinvegsinfeksjon, må du bestille ny time. Undersøkinga krev at du er symptomfri.

Under

Det blir brukt eit spesialtoalett som du skal tisse i. Urinstrålen treffer ei vektskål som samlar informasjon om kor mykje du tissar, krafta på strålen og heile tømmingsforløpet. Dataa blir tolka av ei maskin. Etter vasslatinga nyttar vi ultralyd for å måle eventuell resturin.

Etter

Etter undersøkinga får du samtale med uroterapeut. Då går de igjennom dei førebelse resultata av undersøkinga, og du har tid til å stille eventuelle spørsmål.

Det blir skrive ein rapport frå undersøkinga. Den inneheld korga og resultatet frå flowmetrien, resturinvolumet, og dessutan ei oppsummering av samtalen med uroterapeuten. Legen i avdelinga di vil i etterkant gå igjennom dette med deg.

Resultata blir sende den som tilviste deg og eventuelt andre aktuelle oppfølgjande instansar.

Sist faglig oppdatert 04.02.2025

Kontakt

Kirurgisk avdeling

Kontakt Kirurgisk avdeling

Oppmøtestad

Du finn oss på Førde sentralsjukehus.
Vi har og sengepost og poliklinikk på Lærdal sjukehus.

Transport

Buss

Det går regelmessig rutebussar mellom Førde Sentralsjukehus og Førde Rutebilstasjon.

På nettsidene til skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestadar og tider for Sogn og Fjordane.

Frå Førde er det også gode bussamband til Bergen, Oslo, Ålesund og Trondheim.

Flybuss

Det går direkte flybuss frå Førde Lufthamn Bringeland til Førde Sentralsjukehus for alle fly som landar. Bussen stoppar ved busstoppet på motsatt side av Vievegen, på austsida. Herfrå går flybussen til Førde Lufthamn Bringeland 75 minutt før alle flyavgangar.

Parkering

Det er mogleg å parkere gratis på sjukehusområdet for pasientar og besøkande.

Taxi

Drosjesentralen i Førde er om lag 100 meter frå Rutebilstasjonen. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.