Fødselsmerke
Fødselsmerke er eit samleomgrep for forandringar i huda som er til stades ved fødselen eller oppstår dei første levemånadane. I dei aller fleste tilfella er forandringane heilt godarta.
Symptom
Dei vanlegaste fødselsmerka er raude eller pigmenterte (brune/svarte). Raude fødselsmerke kjem frå blodårar. Pigmenterte fødselsmerke kjem frå pigmentsceller (melanocytter). Det finst også andre typar, meir sjeldne fødselsmerke.
Raude fødselsmerke som er til stades ved fødselen er oftast flate og blir kalla på fagspråket nevus flammus (portvinflekker). Desse forandringane går vanlegvis ikkje bort av seg sjølve.
Infantilt hemangiom (jordbærhemangiom) kan vere til stades ved fødselen, men oppstår vanlegvis nokre dagar/veker etter fødselen. Det oppstår ein raud kul som veks i nokre månader, deretter stoppar veksten opp. Lesjonen vil oftast gå tilbake og forsvinne heilt i løpet av barnealder.
Pigmentsflekker som er til stades ved fødselen kan ha ein lys eller mørk farge. Lysebrune, flate flekkar blir kalla cafe-au-lait-flekkar, desse er relativt vanlege hos spedbarn. Dersom det er mange lesjonar, kan det tyde på underliggjande sjukdom.
Medfødde pigmentnevi (pigmenterte føflekkar) har oftast ein mørkare farge. Små medfødde pigmentnevi har ikkje vist auka risiko for malignitetsutvikling.
Utredning
Spedbarn med raude portvinflekkar i ansiktet skal tilvisast hudlege for vurdering.
Spedbarn med infantile hemangiom som dekkjer for kroppsopningar, sit nær auga, blør lett eller på andre måtar hindrar normal utvikling, skal visast til barnelege. Spedbarn med mange infantile hemangiom bør også tilvisast barnelege for utgreiing.
Spedbarn med mange lysebrune, flate pigmentsflekker (cafe-au-lait-flekker) bør greiast ut av barnelege.
Behandling
I dei fleste tilfelles trengast inga behandling. Portvinmerke kan behandlast med laser eller intens pulsa lys (IPL). Infantile hemangiom som er behandlingstrengande kan behandlast med medikament, eventuelt supplert med laser eller IPL.
Cafe-au-lait-flekkar skal ikkje behandlast. Små medfødde pigmentnevi skal ein ikkje behandle. Barn med store, medfødde pigmentnevi skal følgjast i spesialisthelsetenesta. Behandling avheng av korleis lesjonen utviklar seg.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Hudavdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Lærdal sjukehus
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nordfjord sjukehus
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Sunnfjord medisinske senter
Hans Blomgate 39
6905 Florø