Operasjonen skjer som regel i ein lett narkose, og dessutan lokalbedøving.
Dei vanlegaste kikhòla til leddet skjer gjennom 2 innstikk fortil (den fremste delen) på ankelen. Du ligg då på ryggen. Ved behov går vi inn i bakre delen av ankelleddet, og du må då liggje på magen under inngrepet, då kikhòla må leggjast i bakre del av ankelen.
Vi bruker ikkje å gjere begge inngrepa samtidig, fordi du då må løftast rundt på operasjonsbordet, noko som tek tid, og kan gi ein auka risiko under inngrepet.
Vi set inn væske i leddet for å spile det ut for å lette innføringa av kameraet. Når kameraet er komme inn i leddet, gjer vi ei rutinemessig vurdering av leddet, og deretter blir sjølve behandlinga gjord, som avheng av kva vi finn ved vurderinga.
Ved bruskskadar, kan vi reinse opp i laus brusk og også prøve å lage ny brusk med ein syleteknikk. Ved betennelsesvev og arrvev i leddhinna, kan dette barberast bort med ein shaver. Er det ein inneklemmingstilstand, kan ekstra bein fresast ned med ein fres.