Frontotemporal demens
Talet på personar med demens aukar, fordi det blir fleire eldre blant oss. Vi oppmodar alle til å lære meir om demens.
Frontotemporal demens er ei felles nemning på demens som kjem av skadar i fremre del av hjernen. Det finst mange variantar av sjukdommen, men dei har liknande symptom.
Det hyppigaste symptomet er endringar i åtferd og personlegdom. Personen har ofte redusert innsikt i sin eigen oppførsel, kan primært vere opptatt av eigne behov og skjønner ikkje korleis veremåten deira påverkar andre. Frontotemporal demens kan også starte med språkforstyrringar.
I og med at mange sjukdommar kan forårsake denne demensforma er årsaksfaktorar samansette og framleis uklare.
Frontotemporal demens utgjer cirka 5-10 prosent av demenssjukdommane og er den nest vanlegaste demensforma blant dei som er under 65 år.
Ved mistanke om demens bør fastlege tilby basal demensutgreiing i tråd med nasjonal fagleg retningslinje om demens. Det er ein fordel om utgreiinga til legen går føre seg i samarbeid med personell frå helse- og omsorgstenesta i kommunen, gjerne minneteam / demensteam.
Vanlegvis skjer utgreiing, behandling og oppfølging av demens via primærhelsetenesta. I nokre tilfelle tilviser fastlegen til spesialisthelsetenesta, t.d. ved tidleg debut, atypiske symptom, uavklart diagnose, komplisert sjukdomsbilde m.m.
Demensutgreiing startar vanlegvis hos fastlegen, gjerne med pårørande til stades føresett at pasienten samtykker til det. I nokre tilfelle blir pasienten tilvist til spesialisthelsetenesta for vidare utgreiing.
Demensutgreiing inneber alltid
God miljøbehandling er viktig, og det bør komme i gang så tidleg som mogleg. På grunn av store endringar i personlegdom hos personen er frontallappdemens også ei påkjenning for pårørande. Miljøbehandling, tilpassing av bustad og informasjon om sjukdommen er viktig for alle.
Det finst ingen medisin som kan kurere frontotemporal demens. Legemiddel har liten effekt, men det er rapportar om at nokre typar antidepressiva kan dempe symptoma.
Det tar ofte svært lang tid å stille denne diagnosen, som kan føre til at både pasient og pårørande blir svært slitne i prosessen. Det er to hovudgrupper innan frontotemporal demens, der den eine har mest utfordringar knytte til språk, og den andre mest utfordringar knytte til endring av personlegdom og åtferd. Den som har sjukdommen og dei næraste vil ofte ha ulikt syn på kva som er utfordringane.
Etter å ha fått diagnosen frontotemporal demens, er det viktig å legge til rette for best mogleg meistring av situasjonen for pasient og pårørande gjennom:
På nettsiden Å leve med demens - Nasjonalt senter for aldring og helse finner du informasjon om tiltak og tilbud som kan være til hjelp for å leve med og mestre dager med demens.
På nettsiden Hjelp til pårørende - Nasjonalt senter for aldring og helse vil de som er pårørende til en person med demens finne informasjon som kan være til støtte i hverdagen.

Svanehaugvegen 2
6812 Førde