Om du har gallestein, vurderer vi om du skal ha behandling og eventuelt kva behandling som er best for deg. Du har rett til å vere med å bestemme, og vi tar avgjerda saman med deg. Dette kallar vi samval.
Samval inneber at du mottek informasjon om fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa. Så kan du saman med helsepersonell sjå desse opp mot kvarandre, ut ifrå kva som er viktig for deg.
Her er tre spørsmål du kan stille din behandlar:
Dersom det er aktuelt å operere ut galleblæra, finst det fleire måtar å operere henne ut på:
- kikhòlskirurgi (laparoskopisk kirurgi)
- open kirurgi der kirurgen gjer eit større snitt for å sjå direkte inn i bukhola
Dersom galleblæra er svært betent eller du har vore operert i mageregionen tidlegare, kan det bli nødvendig med open kirurgi. Av og til må kirurgen byte til open kirurgi sjølv om operasjonen begynte med kikhòlskirurgi.
Dei fleste pasientar kan behandlast med dagkirurgisk behandling. Da møter du fastande om morgonen og kan reise heim nokre timar etter operasjonen. Spesielle forhold kan gjere at nokre pasientar må vere innlagde både før og etter operasjonen.
Fjerning av galleblære, nynorsk