Diagnosen blir ofte stilt ved undersøking hos fastlegen. Det kan vere aktuelt med MR og ultralyd for å stille ein sikker diagnose dersom fastlegen er i tvil. Dersom fastlegen mistenker liding i sjølve skjelettet, bør du undersøkast med røntgen.
Ganglion fot
Ganglion er ein væskefylt hevelse med hinne rundt som kan oppstå i føtter og anklar. Det er ikkje farleg og kan ofte forsvinne av seg sjølv. I sjeldne tilfelle trykker ganglion mot nerver på staden, eller er uttrykk og symptom på annan sjukdom, slik som slitasjegikt i ledd eller kronisk betennelse i sene og seneskjede.
Symptom
Eit ganglion vil du oftast merke ved at du ser eller kjenner ein kul i foten eller ankelen. Av og til kan kulen gi smerte og trykkplager. Sidan ganglion er både ufarleg og kan forsvinne av seg sjølv, er aktiv behandling ofte unødvendig.
Tilvising og vurdering
Sidan ganglion ofte kan forsvinne eller bli mindre, er det lurt å vente ei stund med aktiv behandling. Den enklaste behandlinga er at fastlegen tømmer ganglionet med ei nål (såkalla punksjon).
Ved alle typar behandling, også operasjon, er det stor sjanse for at ganglion kan komme tilbake. Tilvising til kirurgi er derfor bare aktuelt ved langvarige og store plager. Sjukehusa er tilbakehaldne med å tilby operasjon av ganglion.
Før
Under
Etter
Ver merksam
Ved teikn til infeksjon i operasjonssåret, må du ta kontakt med fastlegen din umiddelbart. Teikn på infeksjon kan vere aukande hevelse, feber, smerter frå såret eller at området blir raudt.
Det er ikkje vanleg med sterke smerter etter denne operasjonen. Vanlege smertestillande vil vere nok for dei fleste.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde