Ganglion hand
Ganglion er ein til tider om og væskefylt kul som går ut frå eit ledd eller ei seneskjede i hånda. Dei er alltid ufarlege og forsvinn ofte av seg sjølv. Ganglion sit ofte oppå hånda, men kan også komme på innsida av handleddet og fingrane. Ganglion er ein ganske vanleg tilstand i aldersgruppa 15-50 år, noko oftare hos kvinner.
Symptom
Eit ganglion oppstår når det skjer forandringar i vevet som kapslar inn leddvæske i eit ledd eller ein seneskjede. Årsaka er ukjent, men kronisk irritasjon, overbelastning, slitasje (artrose) eller skade kan vere ein del av årsaka. Ganglionet kan variere i størrelse. Eit ganglion kan gi smerte og påverke kor bevegeleg handa er. Nokre gonger kan det gjere vondt ved berøring, men som regel er området smertefritt og kulen er bare kosmetisk.
Før
Diagnosen blir som regel stilt hos fastlegen, på bakgrunn av undersøking og din sjukehistorie, årsak og symptom.
Ganglion går ofte vekk av seg sjølv, men fastlegen din kan vurdere å punktere ganglionet, ved å stikke hol med ei nol for å sleppe væska ut. Det er ein 30-50 prosent sjanse for at ganglionet kjem tilbake etter punksjon. Ved betydelege symptom/plager, kan operasjon vere naudsynt. Fastlegen din må i så fall vise deg til sjukehus for vurdering. Av og til kan det vere nødvendig med røntgen eller ultralyd. Det vil bli bestilt av fastlegen.
Dersom du skal operere, vil bedøving bli gitt før operasjonen. Til dette inngrepet er det vanleg med narkose eller nerveblokkade, der nerva til operasjonsområdet blir bedøva.
Under
Blodtilførselen til armen blir stengt av ved hjelp av ein mansjett som blir festa rundt overarmen din - dette er for å gjere viktige strukturar i handa di synlege for kirurgen.
Etter operasjonen legg vi ein bandasje og i nokre tilfelle ei gipsskinne som du skal ha på til stinga blir fjerna etter rundt to veker. Fingrane skal vere frie utanfor bandasjen og du skal kunne bevege dei fritt. Bandasjen er ofte litt stor, noko som kan gjere det vanskeleg med enkelte kvardagslege aktivtitetar.
Gips er ikkje nødvendig når ganglion blir fjerna frå fingrane.
Etter
Du kan reise heim etter operasjonen.
For å motvirke hevelse etter operasjonen bør du:
- bruke handa så mykje som bandasjen tillet, men ikkje løfte tungt
- første dagen halde handa over hjartehøgd når du ikkje bruker handa og strekk ut skuldra. Ha handa på ei pute om natta.
Du kan ha vondt i operasjonsområdet i nokre dagar. Viss du treng det, kan du ta smertestillande som Paracet eller Ibux. I nokre tilfelle blir handleddet stivt og smertefullt etter operasjon, og du vil då kunne trenge opptrening.
Sjukemelding
Kor lang sjukemelding du treng vil variere med kva yrke du har. Har du manuelt lett arbeid kan du kanskje jobbe allereie nokre dagar etter operasjonen. Elles er 2-4 veker vanleg. Det kan ta noko lengre tid før krafta er heilt tilbake i den opererte handa.
Kontroll
Kontroll skjer hos fastlegen din omlag to veker etter operasjonen. Her blir stinga dine fjerna. Etter dette treng du ikkje bandasje. Du kan vaske handa som vanleg. Hald huda tørr og rein og bruk gjerne fuktbevarande krem. Masser arret dagleg for å gjere det mjukt. Etter 6-8 veker får du ny kontroll på poliklinikken.
Ver merksam
Viss du får feber, langvarige smerter eller hevelsen ikkje går ned må du ta kontakt med sjukehuset.
Du bør også ta kontakt med sjukehuset viss bandasjen forskyv seg eller er for trang.
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling
Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde