Prosedyrar kan variere noko frå stad til stad, men vanlegvis gjeld følgande:
Du må møte fastande til undersøkinga. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke eller røyke etter kl. 24:00 kvelden før undersøkinga - eller seinast 6 timar før undersøkinga.
Dersom du brukar Marevan eller andre blodfortynnande medisinar, følg anførte råd i innkallingsbrevet eller ta kontakt med fastlege. Hensikta er å unngå alvorleg blødning i forbindelse med undersøkinga. Brukar du insulin må du kontakte fastlegen din slik at medisinen kan justerast.
Det kan vere at du blir gitt ein beroligande medisin i forbindelse med undersøkinga. I så fall bør du ikkje køyre bil før det har gått 24 timar. Før undersøkinga kan du få spraya lokalbedøving i svelget. Denne verkar i omtrent ein halvtime.
Om du brukar Albyl-E, som einaste blodfortynnade medisin, treng du ikkje stoppe med denne.
Du vil få plassert ein plastring mellom tennene for å hindre at du biter i skopet. Eventuelle lause tenner må tas ut før undersøkinga tek til.