Gastroskopi og koloskopi på same dag
Gastroskopi er ei undersøking av matrøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroskop. Koloskopi er ei undersøking der ein kan avdekke sjukdom i tjukktarmen og nedste del av tynntarmen.
Eit gastroskop er ein bøyeleg slange med lys og kamera i tuppen. Undersøkinga kan påvise sjukdommar i matrøyr, magesekk og tolvfingertarm. Vanlegvis tar sjølve undersøkinga cirka 5 minutt.
Ved koloskopi kan vi ta vevsprøve frå slimhinna, fjerne polyppar og behandle blødingar. Undersøkinga varer i 15–60 minutt.
Av og til er det behov for å gi smertestillande/avslappande medikament intravenøst, da kan du ikkje køyre bil før dagen etter undersøkinga.
Det krevst førebuingar til desse undersøkingane. Det er viktig å lese denne informasjonen i god tid før undersøkingsdagen.
Les om
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Medisinsk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde