Det er ingen spesielle førebuingar før gipsbehandling.
Gipsbehandling
Gipsbehandling blir brukt ved beinbrot, og i nokre tilfelle ved skadar i musklar, sener og leddband.
Dersom brotet er stabilt og i god stilling, kan det behandlast berre med gips. Andre gonger må brotet dragast på plass eller blir operert før det blir gipsa. Gipsen gjer at brotendene står stabilt slik at skaden får gro.
Gips kan også brukast ved avriving eller rifter i musklar, sener og leddband for å halde skadestaden i ro.
Før
Under
Kalkgips
Kalkgips er god gammaldags gips som ofte blir lagd på ferske arm- eller beinbrot. Under gipsen legg vi strømpe og vatt for å verne huda. Utanpå legg vi ei blaut gipsskjene som skal stivne. Den blir festa med elastisk bind som vi surrar rundt gipsen.
Kunstgips
Kunstgips er uelastisk, lett og sterk gips som vi legg på dei fleste brot der det ikkje er fare for hevelse, oftast ved første kontroll 7–10 dagar etter brotet. Her startar vi oftast med å legge ei strømpe for å verne huda. Deretter eventuelt vern over beinutspring. Så lagar vi til kunstgipsen.
Det er litt auka risiko for å legge ein kunstgips for stram, enn ved bruk av kalkgips. Dette er ei av årsakene til at vi i nokre tilfelle vel kalkgips ved stor hevelse.
Kunstgips består av to typar gips som blir kombinert. Scotchcast er ein heilt hard gips som avstivar brotområdet slik som kalkgipsen. Softcast er ein mjuk gips som blir lagd sirkulært både under og over den harde gipsen.
Etter
Når gipsen er lagd på er det viktig å sikre god blodsirkulasjon, minimalisere hevelse, unngå stive ledd, og halde gipsen tørr. Det er viktige forholdsreglar du må følge:
- Hald den gipsa foten eller armen høgt (spesielt viktig dei første dagane).
- Beveg ofte fingrar og tær som ikkje er avstiva.
- Stram og slapp av musklane under gipsen fleire gonger kvar dag i heile gipseperioden.
- Beveg ledda i nærleiken av det gipsa området så langt du klarer, fleire gonger dagleg.
- Dekk gipsen med ein tett plastpose som blir teipa til huda, når du dusjar. Kalkgips blir øydelagd i vatn. Kunstgipsen toler vatn, men huda under gipsen kan ta skade av fukta.
Du vil bli innkalla til kontroll, på sjukehuset eller hos fastlegen. Tidspunkt for kontroll varierer. Gipsen blir tatt av når brotet er ferdig grodd.
Ver merksam
Ved symptom på at gipsen er for trong, må du kontakte sjukehuset. Symptom kan vere:
- smerter
- kuldesanseinntrykk eller prikking i fingrar eller tær
- fingrar eller tær blir hovne og misfarga
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde