Før barnet og føresette får tilbod om oppfølging i form av EIBI, er det vanlegvis slått fast, etter ei diagnostisk utgreiing hos spesialist, at barnet har ein diagnose innanfor autismespekteret.
Habilitering - Autismespekterforstyrrelse hos førskolebarn, nynorsk
Early Intensive Behavioral Intervention (EIBI) er ei behandlingsform for barn med autismespekterforstyrring (ASF) der vi arbeider med utvikling av språk, evne til læring, kvardagsferdigheiter, leik og samspel med andre barn og vaksne. EIBI har god effekt for ei stor gruppe av førskulebarn (eitt til seks år) med autismespekterforstyrring.
Asperger syndrom hos barn og unge
Tilvising og vurdering
Behandlingsprogrammet må vere anbefalt for barnet av spesialist på fagområdet. Det må også vere etablert eit samarbeid mellom føresette, habiliteringstenesta for barn og unge (HABU) eller anna avdeling i spesialisthelsetenesta og kommunale samarbeidspartnarar, for eksempel PPT og barnehage.