Etter at vi har mottatt tilvising frå fastlegen din, vil du bli kalla inn til undersøking ved ortopedisk poliklinikk. Der vil legen greie ut om det er grunnlag for operasjon.
Hammertå
Hammartå eller bøygd tå, er ei fotliding der ei tå legg seg ei skeiv stilling ved at det inste leddet er bøygd oppover og det ytste nedover. Dermed blir det trykk over det midtre leddet. Det er ein ufarleg tilstand som kan gi plager i form av trykk mot sko.
Tåa består av tre ledd: grunnleddet inst, midtleddet og ytterleddet. Ved hammartå er midtleddet bøygd nedover, mens grunnleddet og ytterleddet er strukke. Tilstanden er vanlegvis på begge føtene og kan føre til smerter og fortjukkingar under grunnleddet til tåa og over dei andre ledda. Smertene blir ofte utløyst av trykk mot hammartåa, særleg ved bruk av tronge sko og ved springing. Det vil ofte vere vanskeleg å finne passande sko. Denne tilstanden er vanleg blant eldre
Hammartå er den deformiteten som er hyppigast i dei små tærne. Tå nummer to blir oftast ramma, men tredje og fjerde tå er òg deformert i nokre tilfelle. Ofte er lidinga på begge føter. Langt dei fleste som får lidinga, er kvinner (over 75 prosent).
Tilvising og vurdering
Før
Under
Etter
Kontakt
Førde sentralsjukehus
Ortopedisk avdeling

Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde